Pitabrød

[dropcap]P[/dropcap]itabrød er det perfekte tilbehør til middags-rettar. Den hole lomma i brødet kan fyllast med ulike typar kjøt eller fisk, salat eller pålegg og passar fint både til lunsj og middag.

Pita er runde flate brød som opprinneleg stammar frå det tyrkiske kjøkenet og blir brukt mykje rundt middelhavsområdet. Deiga treng mindre heving enn vanlege brød og går relativt kjapt å lage. Brøda blir steikte i omn på høg varme og bles seg opp under steiking slik du får det karakteristiske holrommet i brødet. Bruk pitabrødet til å fylle med ulike typar middag eller pålegg og salat til lunsj, eller også til å dyppe i ulike sausar og dressingar.

uVFtGbcXRG+MoDnQrpqMJA_thumb_70f2

[recipe-foody]Ingrediensar til 8 stk. store pitabrød:

  • 4 dl lettmjølk, romtemperert
  • ½ pk ferskgjær
  • 1 ts sukker
  • 6 dl kveitemjøl med fullkorn (ferdig blanding med 55 % kveite og 45 % fullkorn) *
  • 4 ½- 5 dl kveitemjøl*
  • 2 ss nøytral olje
  • ½ ts salt

 

* Eventuelt kan du bruke 2 ½ dl fullkornsmjøl + 8 dl kveitemjøl til deiga

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensane (men hald gjerne tilbake på litt av mjølet) i ein bakebolle og elt deiga godt i kjøkenmaskin i ca. 5-10 minutt. Juster eventuelt med meir kveitemjøl etter behov. Når deiga er glatt og smidig set du den til heving på ein lun stad i ca. 45 minutt, eller til dobbel storleik.

Forvarm steikeomnen til 250 ºC. Del deiga i 8 like store emner og trill til runde bollar. La bollane kvile på benken i ca. 5-7 minutt før du kjevlar dei ut til runde og flate brød på ca. 15 cm i diameter. Legg på bakepapirkledd steikebrett og steik i forvarma omn på midterste rille i ca, 5-8 minutt. No skal brøda ha blåst seg opp og blitt hole i midten. Avkjøl på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*