Pizza bianca med bacon, spinat & karamellisert rødløk

yffrv4ttlmgdtod5sknba_thumb_2bb1

Helg betyr pizzatid og kos på kveldstid. Med denne oppskrifta på kvit pizza med tynn italiensk botn, sprøstekt bacon, spinat og karamellisert rødløk saman med god ost blir det høg kosefaktor.

Oppskrifta på pizzadeig har eg lagt ut her før, men slenger den allikevel med her igjen, så har du heile oppskrifta samla. Her har eg delt opp pizzadeiga i 4 små pizzaer, men du kan gjerne lage den i to litt større om du heller vil det. Både fyll og deig er enkelt å lage og går relativt raskt. Denne pizzaen blei ganske så annleis enn dei vanlege pizzaoppskriftene eg brukar, men det var nettopp det eg ville oppnå. Ein ny og spennande smak!

bgg5msvqtk5pf0jqtsqcq_thumb_2bbb

Ingrediensar til pizza for 4 personar:

Pizzadeig:

  • 400 g durum kveitemjøl
  • 150 g kveitemjøl
  • 15 g gjær
  • 10 g salt
  • 50 g god olivenolje
  • 320 g vatn

Kvit pizzasaus:

  • 3 dl crème fraÎche
  • 2 små sjalottløk
  • 4 ts grov sennep
  • salt & peppar

Pizzatopping:

  • 300 g baconskiver
  • 300 g fersk spinat
  • 4 ts tørka salvie
  • 2 fedd kvitløk, knust
  • sitronsaft
  • 2 rødløk
  • 2 ss crema di balsamico
  • 4 ss ripsgelè
  • salt & peppar
  • 2 mozzarellaost (à 125 g )
  • reven parmesanost

Ha alle ingrediensane til pizzadeiga i ein bolle og elt til ei smidig deig i ca. 10 minutter i kjøkkenmaskina. Sett til heving til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.

Forvarm steikeovnen til 250 ºC med enten ein pizzastein eller eit steikebrett inni. Lag den kvite sausen ved å finhakke sjalottløken så smått du klarer og bland saman med crème fraÎche og sennep. Smak til med salt og peppar og sett til sides.

Steik baconet i ei tørr steikepanne til det er gyldent og sprøtt og del opp i små bitar og legg så til sides. Ha spinaten over i steikepanna med baconfettet og tilsett tørka salvie og kvitløk og la det surre i varmen til det har kokt saman. Smak til med sitronsaft og salt og peppar og legg blandinga til sides.

Skjær rødløken i tynne ringar og la den surre på medium varme i steikepanna saman med litt olivenolje til løken er blank og mjuk. Tilsett crema di balsamico og ripsgelè og la det småputre til det har karamellisert seg.

Del pizzadeiga i enten 2 eller 4 delar og trykk forsiktig ut runde pizzaer ved å bruke handflatene slik at du ikkje pressar ut all lufta. Når du har fått den tynn nok tar du ut pizzasteinen og strør litt kveitemjøl på den. Legg pizzabotnen oppå og smør eit lag med kvit pizzasaus utover. Riv opp mozzarellaost og legg i klattar utover pizzaen. Deretter legger du på spinatblanding, bacon, rødløk og strør over litt parmesanost tilslutt. Her er det viktig at du jobbar raskt og har alt klart på førehand slik at pizzasteinen ikkje mistar for mykje varme. Sett tilbake inn i ovnen og la pizzaen steike i ca. 10 minutter, eller til pizzabotnen er blitt sprø i kantane og osten er gylden. Gjenta med resten av pizzadeiga og pizzafyllet.

Topp gjerne pizzaen med litt grøn salat og litt ekstra parmesan og nyt det til det fulle!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *