Pizza med entrecôte & blåmuggost

apM1hFZhS9CYlWofSNsN0A_thumb_730c

Pizza med strimlar av entrecôte har eg stort sett ete ute på restaurant og liknande, men no var det på tide å prøve seg på ein eigen variant. Denne har fått selskap av god tomatsaus og blåmuggost. Så enkelt og såå godt.

Har du ein god tomatsaus som base i botnen på denne pizzaen kan eg fint garantere suksess. Enten du har laga den sjølv eller har kjøpt ein god ein på butikken vil det smake nydeleg. Eg var så heldig å ha ein porsjon med god heimelaga tomatsaus etter denne oppskrifta liggjande i frysaren, så då blei det raskt og enkelt pizza!

RQ78eHEvSZSLkef+OFRnDQ_thumb_72fc

Ingrediensar til 2 stk. pizza:

Pizzadeig:

  • 275 g durumkveite
  • 15 g fersk gjær
  • 5 g salt
  • 25 g olivenolje
  • 160 g vatn

Fyll:

  • ½ porsjon tomatsaus (oppskrift her, evt. annan god tomatsaus)
  • 200 g entrecôte
  • 150 g Castello blå (eller annan type blåmuggost)
  • ½ rødløk
  • ein neve riven kvitost (valfri type)
  • tabascosaus
  • salt & pepar

Til servering:

  • rucculasalat
  • riven parmesan

Bland saman alle ingrediensane til pizzadeiga og elt godt i maskin i ca. 10 minutt. Juster eventuelt med meir vatn eller kveitemjøl. Når deiga er glatt og smidig formar du den rund og legg den til heving i ein bakebolle med plastfolie. Lat heve til dobbel storleik, ca. 1- 1 ½ time.

Forvarm ein pizza-bakestein eller eit steikebrett i steikeomn på 240 ºC. Del den ferdigheva pizzadeiga i to emne. Strø litt mjøl på benken og trykk forsiktig ut emna til ovale sirklar. Bruk fingertuppane og strekk og form deiga uten å trykke ut all lufta, heilt til du får ein passe tynn botn på ca. ½ cm tjukkelse. Skjær entrecôte i tynne skiver på ca. ½ cm og krydre godt med salt og pepar og hell over nokre dråpar med tabascosaus. Smør utover eit tynt lag med tomatsaus på pizzabotnane og strø deretter eit lite lag med riven kvitost over. Skjær rødløk i tynne strimlar og blåmuggost (spar litt til servering) i skiver og fordel utover botnane. Til slutt toppar du med skiver av entrecôte. Strø eit lite lag med mjøl på den varme pizzasteinen og forflytt pizzaen over på den (bruk gjerne pizzaspade om du har). Set på grillfunksjon på omnen og lat steike i ca. 10 minutt, til pizzaen er sprø og gylden. Gjenta med neste. Server pizzaen med fersk ruccula og riven parmesan, og har du lyst på litt ekstra smak kan du dryppe over nokre ekstra dråpar med tabascosaus og litt meir blåmuggost på toppen.

8J0bACV7RbKmyR2Q1KnoUg_thumb_7307

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *