Pizza med serranoskinke, gorgonzola & pære

DSC_0777

Pizza med luftig og sprø botn, gorgonzola, pære, valnøtter og serranoskinke. Denne pizzaen har voksne smakar og er ein himmelsk kombinasjon av gode råvarer.

Den salte serranoskinka saman med fyldig og skarp smak frå blåmuggost, søt smak frå pærer og rund nøttesmak og knasande konsistens frå valnøtter. Her får du dekt alle smakssansar og eit nydeleg måltid i eitt.

Ingrediensar til 2 middels store pizza for ca. 4 personar:

Pizzadeig:

  • 400 g hvetemel
  • 150 g sikta speltmel
  • 15 g fersk gjær
  • 10 g salt
  • 50 g olivenolje
  • 320 g vatn, romtemperert

Fyll:

  • 60 g parmesan
  • 150 g Gorgonzola
  • ca. 75 g serranoskinke
  • 1-2 pærer, faste og smakfulle
  • ein neve valnøtter, grovhakka
  • fersk timian
  • olivenolje
  • nykverna peppar
  • ruccula eller annan salat, til servering

Ha alle ingrediensane til pizzadeiga i ein bakebolle og elt deiga i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter, til du får ei fast og smidig deig. Dekk med plastfolie og la heve i ca. 1 ½ time, til dobbel størrelse.

Sett ein pizzastein eller eit steikebrett inn i kald ovn og forvarm til 240 ºC. Del deiga i to emner og form dei runde utan å trykke ut for mykje av lufta. Legg dei på melete underlag og dekk med eit linklede og la dei kvile medan du forberedar resten, ca. 20 minutter.

Skjær pærene i ca. 3 mm tjukke skiver og riv parmesanosten fint på eit rivjern. Trykk pizzaemnene ut til ca. 30 cm store sirklar med fingertuppane slik du beheld luftlommene innimellom i deiga. Her er kjevlebruk fy-fy fordi du då pressar ut all lufta og sitt igjen med ein kompakt og tett pizzabotn. Ringle over litt olivenolje på pizzabotnane og strø utover parmesanosten og litt fersk timian. Fordel serranoskinke og pæreskiver utover og smuldre opp Gorgonzola i klattar og legg utover resten av fyllet. Topp det heile med litt valnøtter og kvern over litt svart peppar på toppen. Bruk ei pizzaspade (evt. steikespade eller anna) og forflytt pizzaen over på den varme pizzasteinen i ovnen og la pizzaen steike i ca. 12 minutter, til osten er smelta og pizzaen er gylden og sprø. Server med litt grøn salat og nyt det heile med noko godt i glaset.

DSC_0773

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *