Pizza med jordbær, chèvre & asparges

[dropcap]P[/dropcap]izzafesten fortsetter på bloggen og i dag vil eg dele oppskrifta på ein litt annleis pizza. Denne er uten nokon form for kjøt, men har derimot ein spennande smak av jordbær og geitost.

Dersom du er glad i å eksperimentere med nye smakar og kombinasjonar er nok dette ein pizza du kan like. Pizzaen har ein slags kvit saus med mascarpone som base og er toppa med balsamicomarinerte jordbær, chèvre og asparges. Den skarpe smaken frå den franske geitosten harmonerer fint saman med søte jordbær og den litt bitre og nøtteaktige smaken frå asparges. Pizzadeiga er den samme som eg har brukt til mange andre pizza og den får du oppskrifta til i dette innlegget.

DSC_0370

[recipe-foody]Ingrediensar til èin rund pizza:

  • 150 g jordbær
  • 1 ss sukker
  • 2 ss balsamicoeddik
  • 1 ss fersk basilikum
  • 100 g mascarpone + salt & peppar
  • 120 g chèvre
  • 3 grøne asparges
  • parmesan, reven
  • ein neve pinjekjerner
  • fersk basilikum

[/recipe-foody]

Bland saman alle ingrediensane til pizzadeiga og elt godt i maskin i ca. 10 minutter. Juster eventuelt med meir vatn eller kveitemjøl. Når deiga er glatt og smidig formar du den rund og legg den til heving i ein bakebolle med plastfolie. La heve til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.

Forvarm ein pizzabakestein eller steikebrett i steikeovn på 240 ºC. Strø litt semolinamjøl på benken og trykk forsiktig ut deiga til ein oval sirkel. Bruk fingertuppane og strekk og form deiga uten å trykke ut all lufta, heilt til du får ein passe tynn botn på ca. ½ cm tjukkelse. Strø litt semolinamjøl på den varme pizzasteinen i ovnen og forflytt pizzabotnen over på den og forsteik i ca. 5 minutter.

Rens og skyll jordbær og skjær dei i to halvdelar. Ha i ei skål saman med sukker, balsamicoeddik og fersk basilikum og la det marinere i ca. 10-15 minutter. Skjær chèvre i skiver på ½ cm og asparges i bitar på ca. 2-3 cm. Del asparges gjerne i to på langs dersom den er tjukk og derav treng meir steiketid.

Rør mascarponen mjuk med ein gaffel og smak til med salt og peppar. Smør utover den forstekte pizzabotnen og strø over ein god del parmesan. Fordel chèvre, marinerte jordbær, asparges, pinjekjerner og fersk basilikum utover pizzabotnen og sett tilbake i ovnen på den glovarme pizzasteinen. La pizzaen steike i ca. 10 minutter, til osten er gylden og botnen er sprø i kantane. Server med eit lite dryss havsalt og litt ekstra basilikum.

DSC_0362 2

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*