Pizza med nektarin, brie & spekeskinke

DSC_0842 2

Fredagspizzaen for deg som er glad i kombinasjonen av søt frukt, smakfull og skarp ost og salt spekeskinke. Denne kvite pizzaen vil du ikkje gå glipp av!

Pizza har verkeleg blitt min nye besettelse i det siste og lysta på å prøve ut nye variantar aukar berre. Noko eg har blitt ekstra glad i er pizza med kvit saus av crème fraiche og urtar. Så her får du enda ein versjon av den typen. Det å bruke frisk frukt og søte ingrediensar saman med salte smakar og ostar gir ein fantastisk god og spennande smakskombinasjon. På pizzaane mine valgte eg også å variere med stekt og ustekt spekeskinke. Dersom du har på skinka før steiking får du ei herleg sprø skinke som får fram den gode saltsmaken. Dersom du velger å ha på etter steiking får den ein litt mildare og meir framtredande smak. Her har du iallefall oppskrifta på ein pizza med nydeleg smak uansett kva du velger!

DSC_0835

DSC_0774

Ingrediensar til 2 stk porsjonspizza:

Pizzadeig:

  • 200 g durum kveitemjøl/ tipo 00 pizzamjøl
  • 75 g kveitemjøl
  • 15 g gjær
  • 5 g salt
  • 25 g olivenolje
  • 160 g vatn
  • durum semolinamjøl, til utbaking

Kvit saus:

  • 1 dl crème fraÎche
  • 1 stort fedd kvitløk, knust
  • 1 ss fersk salvie, finhakka
  • salt & peppar

Pizzafyll:

  • 1-2 nektarin, i tynne skiver
  • ca. 150 g brie, i skiver
  • 50-60 g spekeskinke
  • ½ rødløk, i tynne ringar
  • 15 g-20 g parmesan, riven
  • fersk salvie, til servering
  • grøn salat
  • nykverna svart peppar

Bland saman alle ingrediensane til pizzadeiga og elt godt i maskin i ca. 10 minutter. Juster eventuelt med meir vatn eller kveitemjøl. Når deiga er glatt og smidig legg du den til heving ein lun stad. La heve til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.

Forvarm ein pizzabakestein eller steikebrett i steikeovn på 240-250 ºC. Del den ferdigheva pizzadeiga i to emner. Strø litt semolinamjøl på benken og trykk forsiktig ut deigemna til ovale sirklar. Bruk fingertuppane og strekk og form deiga uten å trykke ut all lufta, heilt til du får ein passe tynn botn på ca. ½ cm tjukkelse. Strø litt semolinamjøl på den varme pizzasteinen i ovnen og forflytt pizzabotnen over på den og forsteik i ca. 5 minutter.

Rør saman ingrediensane til den kvite sausen og smør utover dei forstekte pizzabotnane. Ha riven parmesan utover og fordel deretter nektarin, brie og rødløk utover pizzaane. No kan du også velge om du vil ha på spekeskinke før eller etter steiking. Sett tilbake på pizzasteinen og la steike i ca. 8-10 minutter, eller til pizzaen er gylden. Server med fersk salvie, nykverna peppar og gjerne litt salat.

DSC_0846

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *