Pizza med reinsdyrskav & kantareller

[dropcap]P[/dropcap]izza er standard helgekos hos mange, men kva med å prøve ein ny variant istaden for den vanlege med kjøttdeig? Her har du oppskrift på pizza med tynn italiensk botn, kvit pizzasaus og kantarellar, bacon og reinsdyrskav som fyll!

Ein god heimelaga pizza med tynn og sprø italiensk botn seier eg ikkje nei til. Ekstra godt blir det om du kan toppe pizzaen med nokon av dei beste smakane eg veit om. Herleg crème fraÎche-saus, stekt kantarellsopp og reinsdyrskav, sprø bacon og søtt og syrleg tyttebærsyltetøy som tilbehør gir den ultimate smaksopplevelsen.

Oppskrifta her på både deig og topping held til 2 store eller ca.4-5 små pizza om du heller vil ha porsjonspizza.

DSC_0556

[recipe-foody]Ingrediensar til 2 store eller 4-5 små pizza med fyll:

Pizzadeig:

  • 15 g fersk gjær
  • 400 g durumhvetemel
  • 150 g hvetemel
  • 10 g salt
  • 50 g olivenolje
  • 320 g lunka vatn

Kvit pizzasaus:

  • 3 dl crème fraÎche
  • 2 fedd kvitløk, knust
  • 2 små sjalottløk, finhakka
  • 2 ts tørka timian
  • 4 einebær, knuste
  • salt & peppar

Pizzatopping:

  • 200-300 g frossen reinsdyrskav
  • 150-200 g kantarell
  • 150 g bacon, i skiver
  • 1 vårløk, i tynne ringar
  • 2 ss fersk rosmarin ( til steiking av reinsdyrskav)
  • vellagra ost, riven (for eks. gouda, cheddar etc.)
  • friske tyttebær
  • frisk rosmarin
  • salt & peppar
  • tyttebærsyltetøy, til servering

[/recipe-foody]

Ha alt det tørre til pizzadeiga i ein bolle og smuldre opp gjæren i melet. Tilsett olivenolje og vatn og rør godt rundt med ei sleiv. Ha deiga over på kjøkkenbenken og kna og strekk i deiga til du får ein smidig og glatt deig, evt. kan du også bruke kjøkkenmaskin. Sett deiga til heving til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 250 ºC med ein pizzastein eller eit steikebrett inni.

Bland saman crème fraiche,kvitløk,  sjalottløk, einebær, timian og smak til med salt og peppar.

Riv kantarellen opp i passande bitar og steik i ei tørr steikepanne på medium varme og tilsett nokre dråpar olivenolje. La kantarellen ligge i 1 minutt før du rører på den. Steik så til den har fått litt farge, krydre med litt salt og peppar og sett til sides. Sprøsteik bacon og sett til sides. Ha den frosne reinsdyrskaven i panna med baconfettet og la den surre i varmen i ca. 1 minutt saman med 2 ss fersk rosmarin og krydre med litt salt og peppar.

Del opp deiga i to store emner eller 4-5 små emner. Trykk ut deiga lett med hendene til du får passande pizzabotnar på ca. ½ cm tjukkelse. Legg pizzabotnen rett på pizzasteinen/steikebrettet med litt mel under og forsteik botnen i ca. 3-4 minutter. Ta så ut pizzabotnen og smør utover crème fraÎche-sausen. Ha på riven ost, reinsdyrskav, bacon, kantarellar, vårløk, friske tyttebær og frisk rosmarin på toppen. Sett pizzaen tilbake i ovnen og la steike i ca. 5-8 minutter, eller til den er gylden i kantane og osten og fyllet har fått farge.

DSC_0540

Server med tyttebærsyltetøy og kos deg!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*