[dropcap]B[/dropcap]erre tanken av ein pizza med tynn, sprø skorpe og saftig og smakfullt fyll kan få ein kvar til å få vatn i munnen. Denne er akkurat slik og har smakar som chorizopølse, svarte oliven, tomatsaus, soltørka tomat og timian i seg.
Når det kjem til italiensk pizza med ein luftig, tynn og sprø botn har eg vanskeleg for å motstå. Dersom du har ein god tomatsaus som base har du utgangspunktet for mange variasjonar på ein nydeleg pizza, men å bruke chorizopølse synest eg du absolutt bør prøve. Den spanske chorizopølsa gir den klassiske pizzaen eit lite løft og ein spenstig smak av paprika. Oppskrifta på pizzadeiga rekker til to store pizza og fyllet er nok til èin pizza, så her kan du enten doble tomatsaus og fyll eller forsteike begge pizzabotnane og fryse ned den eine til ei seinare anledning.
[recipe-foody]Ingrediensar til 1 stor rund pizza:
Pizzadeig (gir 2 store eller 4 små pizza):
- 400 g durum kveitemjøl/ tipo 00 pizzamjøl
- 150 g kveitemjøl
- 25 g gjær
- 10 g salt
- 50 g olivenolje
- 320 g vatn
- durum semolinamjøl, til utbaking
Tomatsaus:
- 2 middels store sjalottløk, finhakka
- 1 stort fedd kvitløk, knust
- 1 ss tomatpurè
- 400 g hermetisert tomat
- fersk timian
- salt & peppar
Fyll:
- 75 g valgfri kvit ost (gouda/cheddar/edamer/jarlsberg), reven
- 100 g chorizopølse
- 1 neve svarte oliven, delt i to
- 2-3 ss soltørka tomat, i bitar
- parmesan
- fersk timian
- vårløk, til servering
[/recipe-foody]
Bland saman alle ingrediensane til pizzadeiga og elt godt i maskin i ca. 10 minutter. Juster eventuelt med meir vatn eller kveitemjøl. Når deiga er glatt og smidig formar du den rund og legg den til heving i ein bakebolle med plastfolie. La heve til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.
Medan deiga hevar kan du lage tomatsausen. Ha sjalottløk og kvitløk i ei varm steikepanne med litt olivenolje. La det surre på middels varme til løken er mjuk og gylden. Tilsett tomatpurè og rør godt rundt. Ha deretter i dei hermetiserte tomatane og la det småputre til det tjuknar litt, ca. 10-15 minutter. Ha i fersk timian og smak til med salt og peppar. Sett til sides.
Forvarm ein pizzabakestein eller steikebrett i steikeovn på 240 ºC. Del den ferdigheva pizzadeiga i to emner. Sidan fyllet rekker til ein pizza kan du forsteike den andre pizzabotnen og deretter fryse ned til seinare bruk. Strø litt semolinamjøl på benken og trykk forsiktig ut pizzadeigemnet til ein oval sirkel. Bruk fingertuppane og strekk og form deiga uten å trykke ut all lufta, heilt til du får ein passe tynn botn på ca. ½ cm tjukkelse. Strø litt semolinamjøl på den varme pizzasteinen i ovnen og forflytt pizzabotnen over på den og steik i ca. 5 minutter.
Ta så ut pizzabotnen (bruk gjerne ei steikespade/pizzaspade så blir det enklare) og fordel tomatsausen utover i eit jamnt lag. Strø deretter reven ost over det heile. Skjær chorizopølsa i skiver på ca. 3-5 mm tjukkelse og fordel utover pizzaen saman med oliven og soltørka tomat. Strø fersk timian og reven parmesan over pizzaen og sett tilbake i ovnen og la steike i ca. 10 minutter, til den er gylden og sprø i kantane og chorizoen og osten har fått god farge. Server med fersk timian og tynne vårløkringar.