Plommesaft

pBxBqbpvSEOb6BnsS67nXQ_thumb_70ff

Plommesesongen i år gav store mengder med fine plommer og med kilovis av desse måtte eg finne noko godt å lage. Resultatet blei smakfull plommesaft med gode krydder.

Plommesaft er utruleg enkelt å lage og gir saft med ein nydeleg fin farge og mild og god smak. Denne safta har i tillegg fått smak av stjerneanis, kanel og vanilje som passar perfekt til plommer.

OqynEH64SsWZApVp08oAvA_thumb_70f4

Ingrediensar til ca. 2 liter ferdig saft:

  • 3 kg blå plommer
  • 3-4 stjerneanis, heil
  • 2-3 kanelstong
  • 1 ts vaniljesukker
  • 7 ½ dl vatn ( 2 ½ dl pr. kg plommer)
  • 400 g sukker pr. ferdig liter saft
  • sitronsaft

Skyll plommene godt og del dei i to. Fjern gjerne steinen om du vil, men dette er ikkje nødvendig. Ha plommer, stjerneanis, kanelstong, vaniljesukker og vatn i ein stor kjele og gi det eit oppkok. La det småkoke på lav varme i ca. 30 minutt, til plommene er blitt bleike på farge og vatnet i kjelen har fått sterk farge av plommene. Hell over i eit dørslag med eit reint linklede over ein stor bolle og sil væska av plommene. La dette stå og renne i nokre timar eller gjerne over natta slik du får ut all safta frå frukta.

Mål opp den ferdige silte safta frå plommene og ha over i ein stor kjele. Tilset 400 g sukker pr. liter saft. Eg fekk ca. 2 liter saft og tilsette derfor 800 g sukker. Ha gjerne i nokre dråpar sitronsaft dersom du synest det blir for søtt. Kok forsiktig opp safta. La det koke under regelmessig omrøring til sukkeret er heilt oppløyst. Hell over på reine og sterile flasker. Oppbevar mørkt og kjølig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *