Plommesyltetøy med kanel & vanilje

dsc01161

Plommesesongen syng på siste verset og kanskje har du plommer du skulle ha brukt opp. Då kan det kanskje friste med nydeleg plommesyltetøy med god smak av krydder?

Plommesyltetøy har ein syrleg og søt smak som skil seg litt frå anna frukt. Den karakteristiske smaken frå kanel passar godt saman med den milde plommesmaken og gjer det heile meir spennande. Plommesyltetøy er utruleg godt saman med gode muggostar og som fyll i kaker eller dessertar.

dsc01166

Ingrediensar til ein stor porsjon plommesyltetøy:

  • 1,2 kg raude plommer
  • ½ dl vatn
  • 2 kanelstong
  • 1 vaniljestong
  • sitronsaft
  • ca. 600 g sukker
  • evt. litt Certo syltetøypulver

Del plommene i to og fjern steinane. Skvis over nokre dråpar sitronsaft. Del vaniljestonga i to på langs og skrap ut frøa. Ha både vaniljestong– og frø, kanelstong og vatn i ein middels stor kjele saman med plommene og kok opp. La det småputre til plommene er kokt saman ein del (ca. 15 minutt). Tilsett sukkeret og la det koke vidare til alt sukkeret er oppløyst og syltetøyet har tjukna litt. Dersom du får alt for rennande syltetøy kan du tilsette Certo syltetøypulver saman med sukkeret for å få tjukkare konsistens. Bruk sterilisert trakt og hell syltetøyet over på reine og sterile småglas og sett på loket medan alt framleis er varmt. Snu sylteglasa på hovudet slik dei blir forsegla og du får eit vakuum. Lat syltetøyet bli avkjølt før du flyttar på det og oppbevar det mørkt og kjølig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *