Polarbrød med fullkorn & havre

[dropcap]D[/dropcap]ei aller fleste av oss er godt kjende med dei mjuke og flate rundstykkebrøda med små hòl i, som går under navnet “polarbrød”. Det ein del kanskje ikkje veit er at du kan lage desse enkelt og sunt på eiga hand heime. Denne varianten blei til mjuke og saftige polarbrød med fullkornsmjøl og havregryn.

Enten du skal nyte ein god frukost eller ta fram matpakka til lunsjen så er desse polarbrøda eit godt og halvgrovt alternativ. Brøda lagar du raskt på få timar og kan frysast ned og tinast opp igjen ved bruk. Sjølv satte eg deiga seint på kveld og fekk både god kveldsmat og eit lager til matpakkar for resten av veka i frysaren.

DSC00697

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 18 stk middels store polarbrød:

  • ½ pk gjær
  • 8 dl vatn, romtemperert
  • ½ dl olje (oliven/raps/solsikke)
  • 1 ts sukker
  • ca. 500-550 g kveitemjøl
  • 300 g fullkornsmjøl
  • 200 g sammalt grovt speltmjøl
  • 200 g havregryn
  • 2 ts salt

[/recipe-foody]

Bland saman alle ingrediensane til deiga og elt godt i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter, eller til du har fått ei glatt og smidig deig. Pass på at du får ei deig som er fuktig uten å vere for våt, slik at polarbrøda blir saftige. Dekk bakebollen med plastfolie eller liknande og la heve på ein lun stad, ca. 1 time eller til dobbel størrelse.

Del deiga i ca. 18 like store emner som du trillar til bollar. Kjevle bollane ut til små leiver på ca. 1 cm tjukkelse og sett dei på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i ca. 30-45 minutter.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Prikk dei flate polarbrøda med ein pinne eller liknande slik du får små hòl på overflata. Sett midt inn i steikeovnen og la steike i ca. 10 minutter. Avkjøl på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*