Pølse-& spinatlasagne

[dropcap]L[/dropcap]asagne er den perfekte kosemat som passar like godt til kvardag som til helg. Når du høyrer ordet pølse-lasagne verkar det kanskje ikkje så forlokkende, men eg kan love deg at dette blei rett smakfullt! Smaksrike pølser av god kvalitet, kvit saus av ricotta og spinat og eit lok av smelta og sprø ost på toppen utgjer eit fantastisk godt måltid med ein grøn salat med syrlig vinaigrette ved sidan av.

Når eg skriv pølse-lasagne så er det ikkje akkurat grillpølser eller wienerpølser vi snakkar, men rett og slett gode pølser med høgt innhald av kjøt og mykje god smak som gjerne er litt grovare i konsistens. Om du bruker rå gourmet-pølser, heimelaga pølser eller chorizo-pølser er opp til deg sjølv. Her brukte eg sjølv rett og slett Chili-pølser for Kolonihagen i samarbeid med Jens Eide som eg kjøpte på Rema1000. Pølsene har mykje og god smak utan å overgå dei andre smakane i lasagnen. Den kvite sausen du vanlegvis brukar i lasagne har eg bytta ut med ein slags saus av ricotta-ost og mykje spinat. På toppen finn du mozzarella saman med Vesterhavsost (også frå Kolonihagen sine produkt på Rema1000). Ein skulle tru at eg kanskje var sponsa av Kolonihagen-produkta, men det er eg ikkje. Her er det rett og slett berre dei utruleg gode smakane og produkta som er så bra at eg rett og slett diggar dei. Sjølvsagt kan du også her bytte dei ut med din eigen favoritt.

W07ii4lsQGqyQ%T3HoRrSA_thumb_762f

[recipe-foody]Ingrediensar for ca. 4-6 personar:

Pølse-og tomatsaus:

  • ca. 250 g grove gourmetpølser (gjerne chilipølser frå Kolonihagen)
  • 6 skiver spekeskinke
  • 2 store sjalottløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ss tomatpurè
  • 400 g pomodoro passata (god hermetisk tomatsaus)
  • 1 dl vatn
  • 1 ts tørka oregano + 1 ts tørka basilikum
  • 1 klype chiliflak
  • salt & pepar

Ricotta-og spinatsaus:

  • ca. 200 g frossen hakka spinat
  • 300 g ricotta (evt. naturell kremost)
  • 2 eggeplommer
  • ½ dl finriven parmesan
  • ¼ ts malt muskatnøtt
  • basilikum
  • salt & pepar
  • 9-10 pasta lasagneplater (Barilla)
  • en stor neve mozzarella
  • ca. 100 g riven Vesterhavsost (evt. annan god ost som cheddar, Jarlsberg etc.)

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 200 ºC.

Fjern skinnet frå pølsene om det er mogleg, og skjær i tjukke skiver. Varm opp ei steikepanne og ha i litt olivenolje. Smuldre deretter pølsene mellom fingrane til små bitar og over i panna. Steik til du får gylden steikeskorpe. Grovhakk spekeskinke og ha i panna og lat surre med litt. Finhakk sjalottløk og kvitløk. La det surre med på middels varme i panna til det blir blankt og mjukt. Ha i tomatpuré og steik eit 1 minutt ekstra under omrøring. Tilset tomat og vatn og gi det eit oppkok. Ha i krydder og lat sausen småputre over lav varme i ca. 10 minutt. Smak til med salt og pepar og set til sides.

Varm opp litt olivenolje i ei ny panne og ha i frossen spinat. Skru varmen godt opp for å steike ut all væske frå spinaten. Når det aller meste av væska er kokt inn har kan du trekkje panna frå varmen og røre inn ricotta. Bland det godt saman. Ha i egga eitt om gongen og bland raskt saman slik du ikkje får eggerøre. Tilset parmesan, muskatnøtt, basilikum og smak deretter til med salt og pepar.

Finn fram ei passande eldfast form som du smører godt, og fordel litt av ricotta-og spinatsausen i eit tynt lag på botnen. Legg eit lag med pastaplater, og så eit lag med pølse-og tomatsausen. Deretter fordeler du jamt utover eit lag med ricotta-saus og strør over litt av den rivne Vesterhavsosten. Gjenta alle laga til du har brukt opp alle ingrediensane unntatt osten (eg fekk tre lag av kvar i mi form). Topp med ricotta-sausen til slutt og strø utover mozzarella og Vesterhavsost i eit tjukt og godt lag. Set midt i omnen og lat steike i ca. 30 minutt, til osten er sprø og gylden på toppen. Server med grøn salat og gjerne ein frisk vinaigrette-dressing ved sidan av.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*