[dropcap]P[/dropcap]otet kan brukast til alt mogleg og er ein viktig del av det norske kostholdet. Det mange derimot kanskje ikkje har brukt poteta til er som fyll på pizza. Denne pizzaen har eit enkelt og smakfullt fyll som består av tynne skiver med norske mandelpoteter og epler saman med god olivenolje og krydder.
Pizzaen er svært enkel når det gjeld ingrediensar og smak, men når du brukar gode norske råvarer som dei norske epla blir det allikevel nydeleg aromatisk smak. Eg har valt å bruke salvie på min pizza, men har du din eigen favoritt når det kjem til ferske urtar så kan du sjølvsagt bruke den. På denne pizzaen vil både, timian, rosmarin og salvie fungere supert.
[recipe-foody]Ingrediensar til 3 porsjonspizza med potet & eple:
Pizzadeig:
- 200 g sikta speltmjøl
- 150 g kveitemjøl
- 1 ss olivenolje
- 1 ts tørrgjær
- 5 g salt
- 220 g vatn, lunka
Fyll:
- 2-3 middels store mandelpotet
- 1-2 små norske epler, raude
- 1 stort fedd kvitløk
- 1 neve reven parmesan
- olivenolje
- fersk salvie, grovhakka
- havsalt & peppar
[/recipe-foody]
Bland saman alle ingrediensane til pizzadeiga og elt den godt for hand eller i kjøkkenmaskin til den er glatt og smidig. Dekk til bakebollen og la heve på ein lun stad til den har dobla seg i størrelse, ca. 1 time.
Sett inn ein pizzabakestein eller eit steikebrett i steikeovnen og forvarm til 250 ºC.
Del deiga opp i tre like store emner og trykk dei forsiktig ut til runde og flate pizzabotnar ved å bruke fingrane. Dette er for å behalde ein del av lufta i deiga. Skjær mandelpotet og epler i tynne skiver på nokre få mm og fordel utover pizzabotnane. Knus kvitløksfeddet og fordel utover på kvar pizza. Ringle over ei generøs mengde olivenolje over poteter og epler. Til slutt strør du over fersk salvie og reven parmesan på kvar av pizzaane og krydrar godt med havsalt og peppar. Sett midt inn i ovnen på den varme bakesteinen. Skru ned temperaturen på ovnen til ca. 230 -240 ºC og la pizzaen steike i ca. 15 minutt, eller til potetene har blitt gyldne i kantane og mjuke i midten. Server gjerne saman med grøn salat.
Fantastisk ide. Takk 🙂
Enkelt og smakfullt!:)