Potetlomper

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga potetlomper er det kanskje ikkje så mange som tenker på å lage, men det er jammen meg verdt arbeidet. I tillegg kan du bruke den type mel du sjølv ønsker , og resultatet er mykje saftigare enn dei ferdige lompene du får kjøpt i butikken.

Sjølve oppskrifta er veldig enkel og består av tre enkle ingrediensar; mel, salt og poteter. Her brukar eg mandelpoteter og hvetemel og synes det gir det aller beste resultatet. Sikta speltmel fungerer også fint. Jo mindre mel du klarer å bruke i oppskrifta jo bedre og saftigare blir lompene. Utkjevlinga krever ein god del mel, så om deiga allereide er mykje mel i kan dei lett bli litt tørre. Det vanskelege med å lage heimelaga potetlomper er å kjevle dei ut og få dei runde og like, men etter nokre gongar “sitt det i hendene”.

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 15 potetlomper:

  • 1 kg mandelpoteter
  • 1 ts salt
  • 2-3 dl hvetemel (eg brukte 2 dl og fikk saftige lomper)

[/recipe-foody]

Dagen før du vil lage potetlompene kokar du mandelpotetene med skalet på. Kok dei akkurat passe slik at dei fortsatt er litt “seige” og ikkje blir alt for tørre. Hell av vatnet og legg eit kjøkkenhandklede over potetene og la dei dampe litt. Avkjøl så potetene til neste dag.

Skrell potetene og ha dei over i ein bolle saman med saltet og mos dei godt med ei potetstappe. No kan du velge å mose og “elte” deiga godt for hand sjølv, men det enklaste er å lage deiga i ein foodprocessor. Ha potetene oppi og kjør til dei blir kornete. Tilsett så litt og litt av melet og kjør til du får ei samanhengande glatt deig som samlar seg i ein klump. Det vil variere litt kor mykje du treng av melet før deiga er klar, men oftast har eg enda opp med å bruke omtrent 2 dl av melet. Del så opp deiga i små emner på ca. 70-80 g pr. stk. og trill ut til bollar.

Strø mel på kjøkkenbenken og trykk bollane litt flate. Strø mel oppå bollen også før du kjevler for å unngå at deiga klistrer seg fast. Kjevle så alle bollane ut til runde flate leiver på ca. 2-3 mm tjukkelse. Steik så lompene på begge sider på ei takke eller i tørr steikepanne til dei er lyse med brune flekkar. Legg dei så i ein stabel oppå kvarandre inni eit kjøkkenhandklede slik dei held seg saftige og mjuke.

Så er det berre å nyte potetlomper med smør og sukker på, smøreost og spekemat eller til tapasrettar eller tilbehør til koldtbordet. Frys dei gjerne ned med matpapir imellom kvar enkelt lompe, så har du raskt ferske lomper når du måtte få lyst på det.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*