Potetlomperuller med tomatkrem & fenalår

[dropcap]P[/dropcap]otetlomper er nydeleg og enkel mat som kan varierast i det uendelege. Potetlomperullane er fylte med ein mascarponekrem med soltørka tomat, basilikum og skiver av fenalår og er ein perfekt rett til juletapasen.

På denne årstida og i julehøgtida er potetlompene eit perfekt tilbehør til diverse smårettar. Eg vil anbefale å lage opp ein porsjon med lomper som du kan ha liggande i frysaren til jula, så har du alltid noko raskt og enkelt å servere om du plutseleg skulle få gjestar. Oppskrift på heimelaga potetlomper har eg lagt ut tidlegare, så då er det berre å sette i gong med kjevla.

DSC_0432

[recipe-foody]Ingrediensar til 5-6 potetlomper med tomatkrem & fenalår:

Tomatkrem:

  • 50 g soltørka tomat
  • ½ rødløk, finhakka
  • 100 g mascarponeost (evt. anna kremost)
  • 1 neve fersk basilikum
  • sitronsaft
  • salt & peppar
  • 5-6 potetlomper (gjerne etter oppskrift her)
  • fenalår, i tynne skiver (evt. spekeskinke)
  • rucculasalat
  • fersk basilikum
  • evt. parmesanflak
  • nykverna peppar

[/recipe-foody]

Ha den soltørka tomaten i ein stavmiksar med knivblad og kjør til den er finkutta i små bitar. Ha i finhakka rødløk og kjør blandinga i nokre sekund ekstra. Ha deretter i mascarponeost og basilikum og kjør til blandinga er godt blanda saman og er blitt ein jamn krem. Smak til med sitronsaft, salt og peppar. Smør eit godt lag med tomatkremen utover potetlompene. Riv opp fenalårskivene litt og fordel utover tomatkremen og strø deretter fersk basilikum og rucculasalat over. Om du vil kan du gjerne rive over nokre flak med parmesanost også. Kvern over litt peppar på toppen og rull potetlompene stramt saman. Del gjerne opp i små bitar og server på tapasbordet eller liknande.

DSC_0422

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*