[dropcap]Q[/dropcap]uesadillas er ein meksikansk rett som er laga av tortillalefser som er fylt med ost og anna fyll og stekt på panna slik dei blir gyldne og osten smeltar. I min versjon har eg fylt tortillalefsene med cheddarost, krydra kylling, avokado og chilibønner.
Quesadillas er eit flott alternativ til variasjon på den vanlege tacoen på fredagskvelden. Dersom du tek utgangspunkt i ein god ost kan du fylle tortillalefsene med det du sjølv måtte ønske for å lage denne retten. Eg har brukt tortillalefser som eg har laga etter denne oppskrifta, men gjort nokre endringar på. Oppskrifta dobla eg og laga tortillalefsene litt større slik at eg fekk ca. 14-15 stk. av dobbel porsjon deig. Om du vil kan du også bytte ut litt av kveitemjølet med fullkornsmjøl. Dei tortillalefsene du ikkje brukar kan du fryse ned til seinare bruk.
[recipe-foody]Ingrediensar til 5 stk. fylte quesadillas:
Krydra kylling:
- 350 g kyllingfilet
- 1 ts paprikapulver
- 1 klype chilipulver
- 2 ts akasiehonning
- 2 ss fersk koriander, finhakka
- limesaft
- salt & peppar
- ½ boks kidneybønner i chilisaus
- 1 vårløk, i tynne ringar
- 1 avokado, i små terningar
- ca. 125 g god cheddar, finriven
- 5 stk tortillalefser (etter oppskrift her)
- fersk koriander
- lime, til servering
- rømme, til servering
[/recipe-foody]
Varm opp ei steikepanne med litt olivenolje i. Skjær kyllingfilet i tynne strimlar og krydre med paprika, chili, honning, fersk koriander og lime og bland det godt saman. Krydre kyllingen med rikeleg med salt og peppar. Steik kyllingen på middels høg varme til den får ei gylden steikeskorpe på alle sider. Ha i chilibønner i saus og la det steike med på lav varme i nokre minutter ekstra. Smak til om du eventuelt treng meir krydder. Her kan du prøve deg fram på kor sterkt du sjølv vil ha det. Sett til sides.
Legg klar tortillalefsene og fordel ca. halvparten av cheddarosten utover i ein halvmåne på kvar av lefsene. Deretter fordeler du kyllingfyllet på toppen av osten. Strø deretter vårløk, avokado og litt ekstra koriander oppå. Til slutt fordeler du resten av osten på toppen av fyllet på kvar av tortillalefsene og brettar den andre halvdelen over fyllet.
Varm opp ei steikepanne med litt olivenolje/smør og steik quesadillasane på middels varme til dei er gyldne på begge sider og osten er smelta. Server saman med rømme og lime.