Quiche med røykalaks & asparges

DSC_0752

Vårlig og smakfull quiche med skiver av god røykalaks, ferske aspargestoppar, vårløk og rosèpeppar som smakar nydeleg saman med grøn salat og syrleg vinaigrette. Dette er mat som passar ein solrik vårdag med sine friske fargar.

Quiche eller terte og pai som det også kan kallast er lett mat som kan passe både som forrett, lunsj, middag eller nistemat og kan varierast med alt mogleg av fyll. Det er også ein fin måte å bruke opp restar av pålegg og grønsaker på, så her er det berre fantasien som setter grenser.

DSC_0727

DSC_0757

Ingrediensar til quiche for ca. 4-6 personar:

Tertedeig:

  • 220 g kveitemjøl
  • 1 klype salt
  • 150 g meierismør, kaldt & i terningar
  • 1 eggeplomme
  • 2-3 ts kaldt vatn

Tertefyll:

  • 150 g røykalaks, i skiver
  • 50 g aspargestoppar, delt i to
  • 2 vårløk
  • ein neve fersk basilikum
  • 3 egg
  • 1 ½ dl fløte
  • 1 dl heilmjølk
  • 2 ss sennep
  • 1 ss rosèpeppar
  • sitronsaft
  • salt

Tilbehør:

  • grøn salat
  • vinaigrette (gjerne etter oppskrift som for eks. her)

Fyrst må du lage klar tertedeiga. Bland saman kveitemjøl og salt og kna i det kalde smøret til du får ei kornete blanding. Bruk ein gaffel og rør inn eggeplomme og vatn til du får ei samanhengande og fast deig. Viktig at du ikkje jobbar for mykje med deiga her. Form deiga til ein rund ball og trykk den flat slik det blir lettare å kjevle seinare. Pakk inn i plastfolie og legg i kjøleskap i ca. 30 minutter.

Forvarm steikeovnen til 180 ºC. Kjevle ut deiga til den passar til ei terteform med laus botn på 24 cm. Trykk forsiktig deiga ut i forma og la den komme godt opp i kantane då den vil krympe litt under steiking. Prikk deiga med ein gaffel og sett forma i kjøleskapet i ca. 10-15 minutter (dette er for at den skal halde forma bedre under steiking). Sett terteforma på ei rist midt i steikeovnen og forsteik botnen i ca. 12 minutter. Avkjøl botnen litt medan du lagar fyllet.

DSC_0745

Pisk saman egga i ein bolle og rør inn sennep, fløte og heilmjølk. Grovhakk basilikum og knus rosèpepparen lett med fingrane og bland inn. Smak deretter til med salt og sitronsaft. Skjær opp vårløk i tynne ringar og fordel utover tertebotnen. Hell deretter eggeblandinga over. Fordel røykalaks og aspargestoppar utover i terteforma. Sett terteforma tilbake i steikeovnen og la steike i ca. 35 minutter, til eggeblandinga har stivna og terta har fått gylden farge. Topp med litt ekstra basilikum og server med grøn salat og ein god vinaigrette.

DSC_0762

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *