Rabarbra-& jordbærkompott

DSC_0032

Rabarbra og jordbær smakar nydeleg saman og gir ein fin harmoni av syrleg og søt smak. Denne kompotten er frisk på smak med eit lite hint av krydder og er god på godt brød, vafler, pannekaker eller i yoghurt-eller dessertskåla.

Kompotten tek svært kort tid å lage og er heilt super å ha på små glas i kjøleskapet som tilbehør til frukosten eller til ein dessert. Mengda sukker kan du justere alt etter kor søt eller syrleg du likar det, men sjølv synest eg dette blei akkurat passe friskt og søtt.

DSC_0033

Ingrediensar til ein liten porsjon rabarbra-& jordbærkompott (ca. 5 dl ):

  • 300 g rabarbra
  • 200 g jordbær
  • 100 g sukker
  • ½ lime, safta
  • 1 vaniljestang
  • 1 klype kardemomme, malt
  • 1 strøken ss potetmjøl, utblanda i litt vatn

Skjær rabarbrastilkane i små bitar på ca. 3 cm og ha dei i ein kjele saman med sukkeret og safta frå ½ lime. Del ei vaniljestang på langs og skrap ut frøa, og ha deretter både stang og frø i kjelen med resten. Tilsett ei klype kardemomme og gi blandinga eit lite oppkok. La det så småputre i ca. 10 minutter, eller til rabarbraen er mør og løyser seg opp litt. Del jordbæra i to eller fire og ha dei i kjelen saman med rabarbraen. La det småputre vidare i 4-5 minutter til. Ha potetmjøl som er utblanda i litt vatn i kjelen med kompotten og gi det eit forsiktig oppkok igjen og rør godt rundt. No skal kompotten ha tjukna ein del. Trekk kjelen frå varmen og hell kompotten over på reine glas og avkjøl. Oppbevar kompotten på tette glas i kjøleskapet i nokre dagar eller eventuelt kan du også fryse ned.

2 comments

  1. Her må du vel ha glemt vannet?

    1. Hei!
      Nei, i denne oppskrifta brukte eg faktisk ikkje vatn då bæra og frukta i seg sjølv var rike nok på væske. Det blir ein del væske av både sukker og bær når det blir varmebehandla. Synest du allikevel at det blir for tørt kan du tilsetje ein halv desiliter med vatn og justere deretter. 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *