Jordbær- og bringebærsaft

DSC_0959

Søte, friske og smakfulle raude godbitar. Vi snakkar selvfølgelig om jordbæra frå Valldal som endeleg er i butikkane igjen for fullt. Her i form av deilig saft!

Jordbæra frå Valldal er dei aller beste jordbæra ein kan få, og det er eg garantert ikkje aleine om å synest. Det er kanskje synd å bruke dei fine bæra til å lage saft av, men her har eg brukt syltebær til å lage av og har fortsatt masse bær til overs så då får det vel vere greit. I tillegg har eg hatt oppi litt bringebær saman med jordbæra for å få eit lite preg av syrleg smak saman med den søte jordbærsmaken.

DSC_0946

Safta smakar herleg av sødmefylte bær og er frisk saman med litt sitronmelisse og isbitar i varmen. I tillegg er den ypperleg å koke opp bærsirup av eller til bruk i dessertar.

Ingrediensar til ca. 3 store flasker saft:

  • 2 kg jordbær, renska og delt i to
  • 500 g bringebær
  • 1, 2 l vatn
  • 3-4 dl sukker pr. liter avrent saft
  • 1 vaniljestang
  • lime/sitronsaft

Del vaniljestanga på langs med ein kniv og skrap ut frøa. Ha vaniljefrø og vaniljestang saman med jordbær, bringebær og vatn i ein stor kjele og kok opp. La bæra koke på svak varme i ca. 15-20 minutter. Då har bæra mista fargen og du sitt igjen med ein mørk og djup raudfarga saft. Hell både bær og saft gjennom eit dørslag kledd med eit linklede og sil av all safta. La det stå i ca. 1 time til du har fått ut all væske frå bæra.

Mål opp safta og hell den tilbake i kjelen og tilsett ca. 3-4 dl sukker pr. liter ferdig avrent saft. Her må du smake deg fram til kor søt du vil ha safta. La det stå over svak varme og rør rundt litt til alt sukkeret er løyst opp. Gi safta eit lite oppkok og ta så av varmen. Smak til med litt lime eller sitronsaft. Skum av på overflata av safta og hell den varme safta over på reine og sterile glasflasker eller liknande.

DSC_0956

Oppbevar safta kjølig og mørkt. Så er det berre å nyte frisk, heimelaga og nydeleg saft!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *