[dropcap]R[/dropcap]amsløk er ei vårplante med store breie blad som luktar kraftig av kvitløk. Smaken er allikevel mildare enn vanleg kvitløk og gir ein fin smak i for eksempel pesto.
Sidan det ikkje veks noko ramsløk i nærleiken av der eg bur (som eg har funne) så var eg så heldig å få tak i fersk ramsløk på butikken. Då var det ingen tvil om at eg ville lage pesto av den vårgrøne planta. Pestoen får ein skarp og fin smak av ramsløken og smakar heilt nydeleg til både pizza, pasta og brødmat.
[recipe-foody]Ingrediensar til eit lite glas pesto:
- 50 g fersk ramsløk
- 1 neve fersk kruspersille
- 25 g pinjekjerner
- 30 g parmesan, riven
- 1 ½ dl olivenolje
- sitronjuice
- salt & pepar
[/recipe-foody]
Ha ramsløk og kruspersille i ein stavmiksar og kjør til det er små bitar. Ha i pinjekjerner, parmesan og olivenolje og kjør vidare til blandinga er blitt ein rennande purè. Juster med meir olivenolje etter ønska konsistens. Smak til med sitron, salt og pepar. Oppbevar pestoen på tett glas i kjøleskap. Den held seg fint i 2 vekers tid.