Raud pesto

DSC_0373

Pesto er flott tilbehør og smakstilsetning som kan brukast til utruleg mange matrettar. Her snakkar vi bruksområder i det uendelege. Det finst mange gode å få kjøpt ferdig, men igjen..heimelaga er det beste!

Kjapt, sunt, smakfullt og enkelt. Pesto er godt på bruschetta, som fyll i brød og gjærbakst, smørt utover potetlompe, over salat, til pizza, til pasta, på kylling og fiskerettar etc. Lista er lang! Smaken kan du variere som du vil og gjere din eigen vri på. Her har eg laga ein ganske standard raud pesto, men vil du ha ein litt sterkare variant tilsetter du berre litt chili for eks. Grilla raud paprika kan også brukast og kan gi ein litt mildare og rundare smak. Så her er det berre å bruke fantasien og smakane sine og eksperimentere.

Ingrediensar til eit glas raud pesto:

  • 150 g soltørka tomat
  • 25 g pinjekjerner
  • 25 g valnøtter
  • 1 ts tørka basilikum
  • 50 g parmesanost, riven
  • 2 fedd kvitløk, knuste
  • 1 ts tomatpurè (kan sløyfast)
  • 1 ½- 2 dl olivenolje
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Ha den soltørka tomaten i ein foodprocessor/stavmiksar og kjør til den er grovkutta. Tilsett pinjekjerner, valnøtter, basilikum, parmesanost og kvitløk (og evt. tomatpurè) og kjør massa til den er finkutta. Ha i olivenoljen litt og litt og kjør blandinga til ein grov purè. Ha i olivenolje til du synest pestoen har fått passeleg konsistens. Her er det ei smakssak om ein likar tjukk og fast pesto eller ein litt meir rennande variant. Smak til med sitronsaft, salt og peppar og ha over på glas. Oppbevar pestoen i glas med tett lokk i kjøleskap i ca. 2 vekers tid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *