Ravioli med spinatfyll & sitronsmørsaus

PzRFpTe0TjenAytNTzRg8Q_thumb_6f69

REKLAME

Ravioli er pasta der ein har eit valfritt fyll som er lagt i mellom to plater med tynn pastadeig og servert med enten saus eller kraft. Allereie på 1500-talet var ravioli godt kjent i Roma og er stadig ein svært populær italiensk rett.

Min ravioli er laga med eit fyll av spinat, mascarpone, spekeskinke og basilikum. Saman med raviolien har eg laga ein sitronsmørsaus som gir ein fin og syrleg bitter smak til den fyldige pastaen. For å lage sitronsmørsausen har eg pressa sitronar på den nydelege sitruspressa eg har fått tak i gjennom dyktige Ingrid Kristine Lund sin verkstad og utsalg i Åsgårdstrand. Ho driv ingridk keramikk som du finn på ved å trykke på lenka her. Der finn du nydelige handlaga keramikkprodukt.

RrwGgS3xQban5orwh8Wpyg_thumb_6f43

e+IN8fIjSYeoIOu9yjCMwA_thumb_6f3e

Ingrediensar for ca. 4 personar:

Pasta:

  • 200 g durum semolina
  • 200 g kveitemjøl
  • 4 store egg

Spinatfyll:

  • 50 g spekeskinke
  • 200 g fersk spinat
  • 2 fedd kvitløk, knuste
  • 100 g mascarpone
  • 1 neve fersk basilikum, finhakka
  • salt & pepar

Sitronsmørsaus:

  • 2 middels store sitron
  • 6 store ss smør
  • svart pepar
  • fersk basilikum
  • parmesan, til servering

Bland saman alt mjølet og hell det ut på kjøkenbenken i ein stor haug. Lag ei fordjuping midt i mjølet slik kantane rundt dannar ei grop. Ha egga i midten. Bruk gaffel eller fingrane til å røre rundt i egga samtidig som du dreg med deg litt og litt av mjølet inn i egga. Hald fram slik til du til slutt har fått ei ganske fast deig. Kna saman deiga til den blir smidig og glatt utan å klistre for mykje. Pakk deiga inn i plastfolie og legg klar i kjøleskapet i ca. 30 minutt før bruk.

Skjær opp spekeskinka i små bitar. Varm opp ei steikepanne med litt smør og steik skinka til den blir gylden. Ha i spinat og kvitløk og la det steike til den krympar saman. Ha gjerne i meir smør etter behov. Skru av varmen på plata og ha i mascarpone og basilikum . Rør godt rundt og smak til med salt og pepar. Set til sides.

Del opp pastadeiga i 3-4 emne og trykk dei lett flate. Bruk pastamaskin eller kjevle og lag breie og tynne remser som er ca. 2-3 cm tjukke. Bruk ein kakeutstikkar eller raviolikuttar og lag runde eller firkanta pastaskiver. Legg på 1 ts med spinatfyll på annankvar skive og pensle lett med litt vatn rundt kantane. Legg ei ny pastaskive oppå den med fyll og trykk dei to godt saman slik dei forseglar fyllet inni. Legg dei ferdige ravioliane på eit fat med rikeleg av mjøl mellom slik dei ikkje klistrar saman.

Kok opp lettsalta vatn i ein stor kjele. I mellomtida kan du lage sausen. Skvis sitronane på ei sitronpresse slik du får ut all safta. Smelt smøret i ei steikepanne og la det bli lysebrunt. Ha i sitronsafta og la det småputre i ca. 3-4 minutt. Krydre med svart pepar. Kok pastaen med ein god klunk olivenolje i ca. 4-5 minutt, eller til den er al dente. Server ravioli med sitronsmørsaus og strø over fersk basilikum og riven parmesan.

uKZ%LZmgS2illnWy%UJqTQ_thumb_6f6d

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *