Red velvet formkake

[dropcap]R[/dropcap]ed velvet cake eller raud fløyelskake er ei amerikansk sjokoladekake som er tilsatt masse raud konditorfarge for å få ein brennande raudfarge. Kaka er saftig og er toppa med kremostglasur. Mi utgåve er laga som formkake og er i tillegg servert med masse friske bringebær på toppen.

Kaka er enkel å lage og inneheld rømme som gjer at den blir saftig og god. Dersom du har lyst på ekstra saftig kake kan du også pensle kaka med litt bringebærlake før du har på glasuren eller eventuelt legge på eit lag med bringebærsyltetøy på toppen. Uansett er det i alle fall ei saftig og enkel kake som er fin å servere til kaffekoppen. For å få den skarpe raudfargen på kaka bør du bruke gelèfarge til baking som er mykje meir konsentrert enn vanleg konditorfarge.

9bfHwacITmqYDeE7WYp2xQ_thumb_6928

[recipe-foody]Ingrediensar til 1 stor red velvet formkake:

  • 150 g smør, romtemperert
  • 300 g sukker
  • 2 egg
  • 20 g bakekakao
  • 2 ts raud gelèfarge
  • 1 ts vaniljesukker
  • 300 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 1 dl fløte
  • 250 g seterrømme (evt. lettrømme)
  • 1 ss kvitvinseddik
  • 1 ts natron

Kremostglasur:

  • 50 g smør, romtemperert
  • 175 g melis
  • 1 ts vaniljesukker
  • 150 g kremost naturell
  • nokre dråpar sitron
  • ferske bringebær, til pynt
  • evt. bringebærlake

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 170 ºC og kle ei stor brødform på ca. 2 liter med bakepapir.

Rør smør og sukker mjukt og luftig. Tilsett egga eitt om gongen og rør godt mellom kvart av dei. Ha i kakao, gelèfarge og vaniljesukker og rør godt saman til fargen er jamnt fordelt i røra. Bland saman salt og kveitemjøl og sikt det inn i røra vekselsvis med fløte og rømme. Bland til ei jamn røre. Bland saman kvitvinseddik og natron i ei lita skål og ha det deretter over i kakerøra og rør godt inn. Fordel kakerøra jamnt utover i den kledde forma. Sett midt i steikeomnen og la steike i ca. 50-55 minutt, til ein kakepinne kjem ut fri for røre. Pass på at du ikkje oversteiker den slik den blir for tørr. Avkjøl i forma.

For å lage glasuren har du smør og melis ein bolle og piskar det mjukt og luftig. Ha i vaniljesukker og kremost og pisk til du får ein luftig glasur. Smak til med nokre dråpar sitron. Fordel glasuren over kaka og pynt med masse ferske bringebær.

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*