Risotto med kylling, sopp & squash

sZ5LX4VrTkCExQx3BKKLnw_thumb_73e2

Ein god risotto er lettvint og varmande mat det går raskt å lage. Denne er servert med kylling med eit hint av sitrus, squash og sopp.

Den italienske risottoen er ofte brukt som forrett, men her blir den eit ekstra mettande måltid når du får store strimlar med kylling som gir ekstra mat.  Server retten saman med riven parmesan og ferske urter og nyt!

ryHthz8XReCOBVRXsKMFWw_thumb_73dc

Ingrediensar for ca. 4 personar:

  • 300-400 g kyllingfilet, i strimlar
  • 1 sitron, skalet
  • 100 g bacon, i bitar
  • 1 squash, i terningar
  • 150 g aromasopp
  • 1 løk
  • 1 fedd kvitløk
  • 350 g arborioris
  • 1 ¼ l kyllingfond (ferdig utblanda)
  • 50 g parmesan
  • 1 neve fersk basilikum
  • salt & pepar
  • olivenolje, til steiking

Skjær kyllingfilet i strimlar på ca. 2 cm breidde. Krydre med salt og pepar. Riv sitronskalet fint på eit rivjern og strø over kyllingen. Varm opp litt olivenolje eller smør i ei steikepanne og steik kyllingen raskt på middels høg varme til den er gjennomsteikt og har fått gylden steikeskorpe. Legg til sides. Steik baconet gyldent i panna og legg til sides. Skjær squash i tjukke skiver på 1 ½ cm tjukkelse og del opp i terningar. Steik det i baconfettet som ligg att i panna til det har fått litt steikeskorpe. Legg til sides saman med kylling og bacon. Del opp soppen i tjukke skiver og del dei i to dersom soppen er stor. Steik gyldent og legg også det til sides.

Varm opp ein god klunk olivenolje i ein stor kjele eller gryte. Finhakk løken og steik den mjuk og blank på middels lav varme. Knus kvitløkfeddet og ha i. Ha i risen og rør rundt i eit par minutt til risen er dekt av oljen. Ha i ei lita ause med kyllingfond og lat det koke inn under omrøring før du har i ei ny ause. Fortset med å spe på slik til du har brukt opp nesten all fond, men spar litt til servering. Rør godt med jamne mellomrom slik det ikkje brenn seg fast i botnen. Etter ca. 20 minutt skal du ha brukt opp det meste av fonden og risen skal ha blitt passe krema og fyldig i konsistens, men framleis ha litt tyggemotstand. Ha i kylling, bacon, squash og sopp i risottoen og lat det få koke med nokre minutt slik det blir varmt. Riv parmesan på eit rivjern og ha i mesteparten i risottoen, men spar litt til servering. Tilset fersk basilikum og krydre med salt og pepar etter behov til risottoen har fått passe smak. Dersom risottoen er for tjukk i konsistens kan du ha i litt ekstra kyllingfond for å løyse opp og få ein meir saftig konsistens. Server med ferske urter og parmesan over.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *