Risotto med tomat & chorizo

0ewjiwposgadups8ko2a_thumb_66f3

Krema og fyldig risotto med  smak av tomat og chorizopølse er herleg vintermat som varmar godt. Risotto er superlett å lage og er det ultimate kosemåltidet både til helg og kvardag.

Det fine med risotto er at så og sei heile retten er laga i ei panne, det krev lite arbeid og kan varierast i det uendelege med ulike smakar og topping. Den fyldige og klebrige konsistensen frå risen smakar nydeleg saman med aromatisk tomat og pikant chorizopølse. Med rikeleg av parmesan på toppen blir dette ekte kosemat for den matglade.

twbfmusesnw7lkjgf7ax1w_thumb_66e0

Ingrediensar til risotto for ca. 4 personar:

  • 350 g risottoris (arborio)
  • 1 liter kyllingkraft
  • 2 store sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 2 ss tomatpurè
  • 200 g hermetisert tomat
  • 2 ss smør
  • 30 g parmesan, riven
  • basilikum & oregano
  • salt & peppar
  • olivenolje, til steiking
  • 200 g sterk chorizopølse, i terningar
  • ein klase cherrytomatar
  • parmesan, til servering

Varm opp litt olivenolje i ein stor kjele. Finhakk sjalottløk og kvitløk og la det surre i oljen på lav varme til løken er mjuk og blank. Tilsett risen og rør rundt i ca. 1 minutt. Ha i 2/3 av kyllingkrafta, tomatpurè og hermetiserte tomatar og gi det heile eit oppkok. La deretter risottoen småkoke i ca. 15-20 minutt, til risen er kokt men framleis har litt tyggemotstand. Tilsett resten av kyllingkrafta etter kvart som risottoen kokar inn undervegs, men spar gjerne ein liten skvett til å røre inn rett før servering slik du får ein passe våt konsistens. Smak til med basilikum, oregano, salt og peppar. Trekk kjelen frå varmen og rør inn smør og parmesan og la det stå litt.

Steik chorizopølse til den blir sprø og la cherrytomatane få ligge med nokre minutt i den varme panna. Server risottoen saman med sprø chorizo, varme tomatar og riven parmesan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *