Rognebærsirup

n9Mi9OtFTvu0L6ynWwr1pg_thumb_7110

Hausten byr på flotte fargar både til matfatet og ute i naturen og dei knallraude rognebæra er like fine både inne og ute. Denne rognebærsirupen smakar utruleg godt saman med tradisjonell mat som kjøtkaker og ulike rettar med viltkjøt.

Rognebærsirup er lett å lage og kan oppbevarast til bruk utover vinteren. Den lett bitre og søte smaken av sirupen smakar nydeleg saman med både hjortegryter, viltsteik, kjøtkaker og liknande. Prøv den gjerne også som smaksforsterkar i brun saus og gryter. Rognebær er bitre på smak og treng gjerne ei frostnatt før ein kan bruke dei til for eksempel gelè, sirup eller syltetøy. Du treng likevel ikkje vente til frosten kjem før du lagar. Plukk inn rognebær og la dei få ei natt i frysaren så får du same resultat.

Rognebæra er ulikt modne rundt omkring her eg bor, så prøv å finne dei som er minst modne og framleis er skarpt raude på farge. Enkelte stader er bæra begynt å bli brune og flekkete og er ikkje like gode å bruke. Denne porsjonen gav ei rikeleg stor mengde med ferdig sirup og eg fekk fylt opp ein del små fine glasflasker til bruk utover hausten og vinteren.

vZQpIWxbQdO1yVrMz79E4w_thumb_7101

Ingrediensar til ein stor porsjon rognebærsirup:

  • 3 liter rognebær
  • 2,4 liter vatn
  • 900 g sukker pr. ferdig liter rognebærsaft

Hugs på å gi rognebæra ei natt i frysaren før du brukar dei om nattefrosten enda ikkje har kome dit du bor. Eg brukar rognebæra slik dei er med stilken og det heile, men fjernar rusk og blader.

Skyll bæra og fjern eventuelt dårlege bær og blader. Ha rognebær og vatn i ein stor kjele og gi det eit oppkok. La det deretter småkoke i ca. 20-30 minutt, til bæra er blasse på farge og vatnet har teke til seg all raudfargen. Hell det heile over eit dørslag med linklede over ein stor bolle og la det renne av seg i minst eit par timar, slik du får med all safta.

Mål opp den ferdige safta og ha over i ein rein kjele igjen. Tilset ca. 900 g sukker pr. liter saft. Kok forsiktig opp under regelmessig omrøring slik at sukkeret løyser seg opp. Skru deretter ned varmen litt og lat safta småkoke til den har fått sirup-konsistens. Det vil variere kor lang tid dette tek, men eg brukte ca. 30 minutt på dette. Du kan gjerne ta siruptesten undervegs slik du har kontroll. Bruk ei skei og ta opp litt av safta og hell på ein rein tallerken. Lat det kjøle seg litt av og dersom safta har fått seig konsistens når du dreg skeia gjennom er den klar. Hugs på at sirupen vil bli tjukkare og seigare på konsistens når den blir kald, slik at du ikkje endar opp med fast gelè. Hell over sirupen på reine og sterile flasker eller glas og oppbevar mørkt og kjølig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *