Rømmeiskrem med multer

[dropcap]R[/dropcap]ømme og multe er typisk norske gode smakar og saman utfyller smakane kvarandre fint. Rømmeiskremen er syrleg og frisk og multene gir ein søt og aromatisk smak som harmonerer fint med det friske.

Iskremen er god slik den er i seg sjølv, så om du ikkje har eller vil bruke multer kan du fint droppe det eller eventuelt bruke andre typar bær. Lagar du iskremen “naturell” så er den også bedre egna til enda fleire smaksområder. Iskremen min serverte eg på ein mild browniebotn som eg stekte litt meir enn eg normalt sett ville gjort med ein brownie slik at smakane og konsistensane skulle harmonere bedre. Rømmeiskremen kan fint lagast uten iskremmaskin, men det beste resultatet vil du allikevel få dersom du brukar maskin.

[recipe-foody]Ingrediensar til ein porsjon rømmeiskrem med multesaus:

Multesaus:

  • 150 g frosne multer
  • 50 g sukker
  • sitronsaft

Rømmeiskrem:

  • 600 g seterrømme
  • 2 dl heilmjølk
  • 150 g sukker
  • 2 ts sitronsaft

[/recipe-foody]

Det fyrste du gjer er å lage multesausen sidan den skal avkjølast igjen før bruk. Ha frosne multer og sukker i ein kjele og gi det eit oppkok. La det deretter putre ca. 2 minutter slik at sukkeret smeltar og multene blir gjennomtinte. Bruk ein stavmiksar og kjør blandinga til purè og smak deretter til med sitronsaft. Dersom du vil kan du sile blandinga slik at du får ut alle frø og får ein glatt saus. Avkjøl sausen før bruk.

Bland saman seterrømme, heilmjølk, sukker og sitronsaft i ein bolle og la det stå i 10 minutter, slik at sukkeret smeltar. Hell blandinga over i ei iskremmaskin og følg instruksjonane for maskina dersom du brukar det. Dersom du ikkje brukar iskremmaskin heller du blandinga i ei brødform eller anna passande behaldar og sett i frysaren. Dei neste 3 timane bør du røre godt rundt i iskremen kvart 30. minutt slik at du unngår iskrystallar i iskremen. Siste gongen du rører rundt i iskremen før den er godt nok fryst har du i multesausen og rører forsiktig rundt slik at du får ei fin marmorering i iskremen. La deretter stå til iskremen er fryst nok til å kunne serverast.

Iskremen min serverte eg på browniebotn og med litt ekstra heile multer ved sidan av, friskt, syrleg og søtt!

DSC_0546

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*