Rundstykker med tranebær & valnøtter

[dropcap]F[/dropcap]erske rundstykker til julefrokosten er den perfekte starten på ein fin juledag. Desse rundstykka bærer preg av julesmak med tørka tranebær og gode valnøtter.

Rundstykka er supre å fryse ned og tine i mikrobølgeovn og deretter friske opp igjen i steikeovn med varmluft når du skal servere. Då får dei ei herleg sprø skorpe på utsida igjen og er varme og mjuke inni. Om du ikkje er glad i tranebær kan du fint bytte ut med anna tørka frukt som for eks. fiken, aprikos eller liknande. Sjølv synest eg tranebæra gir ein frisk og lett søtsyrleg smak til brødet og gir ein fin kontrast til alt det gode julepålegget.

DSC_0144

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 16 stk rundstykker:

  • 500 g hvetemel
  • 250 g fullkornsmel
  • 250 g grovt sammalt rugmel
  • 5-6 dl kaldt vatn
  • 50 g havregryn
  • 50 g ruggryn
  • 200 g vatn, kokande
  • 15 g fersk gjær
  • 15 g salt
  • 50-60 g tørka tranebær, grovhakka
  • 80 g valnøtter, grovhakka
  • havregryn, til pynt

[/recipe-foody]

Bland saman hvetemel, fullkornsmel, rugmel og vatn i ei kjøkkenmaskin og la det gå på høg fart i ca. 2 minutter. Då skal du ha ei passe klissete deig. Ha havregryn og ruggryn i ei skål og hell over det kokande vatnet. La begge deigene stå og kvile på kjøkkenbenken i ca. 1 times tid.

Bland saman begge deigene i bakebollen til kjøkkenmaskina og ha i gjær og salt. Elt deiga i ca. 10-12 minutter. Ha i tørka tranebær og valnøtter og bland raskt saman med deiga til du får fordelt det godt inn i deiga. Ha eventuelt i meir hvetemel om det trengst for å få ei fast og smidig deig som slepp kantane på bollen. Dekk med plastfolie og la deiga heve i romtemperatur til dobbel størrelse. Dette kan ta alt frå 2-4 timar avhengig av temperaturen i rommet.

Del deiga opp i ca. 16 emner og trill til runde bollar som du formar litt avlange og rullar i havregryn. Sett på bakepapirkledd steikebrett. No kan du velge om du vil heve dei over natta på ein kjølig plass eller på kjøkkenbenken nokre timar, til dei har dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 230 ºC. Snitt rundstykka forsiktig på tvers og sett brettet midt inn i steikeovnen og la steike i 5 minutter. Skru deretter ned til 200 ºC og steik vidare i ca. 10-12 minutter, til rundstykka er gyldne og sprø på utsida. Avkjøl på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*