Safrankringle med vaniljekrem

0tlyr8dbqbmbbamkgbtxw_thumb_64eb

Safran er noko som mange forbind med adventstid, lucia-feiring og lussekattar. For meg er safran noko av det beste eg kan smaksette gjærbakst med og eg tek gjerne ein ekstra lussekatt eller to. Her har eg brukt safran som smakstilsetjing til ei stor kringle som er fylt med vaniljekrem og toppa med sukker og hakka hasselnøtter.

Det nærmar seg stadig desember og allereie no i helga er det fyrste søndag i advent. Kanskje er det nettopp denne kringla du skal bake til søndagskosen denne helga? Dersom du har lyst på anna bakst med safran i har eg også lagt ut oppskrift på både safranbollar med klementin-vaniljekrem og safransnurrar med pistasjsmør tidlegare. Har du lyst på lussekattar brukar du rett og slett deiga som utgangspunkt og formar dei til ønska lussekattar.

ttjco5ferikbkqwgcnmnyq_thumb_64ef

Ingrediensar til ei stor safrankringle med vaniljekrem:

Gjærdeig:

  • 3 ½ dl heilmjølk
  • ca. ½ g safran
  • 25 g ferskgjær
  • 120 g sukker
  • ca. 750 g kveitemjøl
  • 7 g salt
  • 1 egg
  • 100 g smør, romtemperert & i terningar

Vaniljekrem:

  • ca. 1 porsjon heimelaga vaniljekrem (etter oppskrift her), evt. ferdigkjøpt
  • finhakka hasselnøtter el. andre nøtter, til pynt
  • sukker, til pynt

Varm opp mjølka forsiktig i ein kjele saman med safranen. Trekk kjelen av varmen og la det stå til safranen har løyst seg og opp mjølka er blitt gul og romtemperert. Ha mjølka i ein bakebolle saman med gjær, sukker og mesteparten av kveitemjølet. Tilsett salt og egg og elt deiga godt saman i kjøkenmaskin i ca. 10 minutt. Ha i det romtempererte smøret og elt deiga vidare i ca. 10 minutt ekstra. Juster eventuelt med meir kveitemjøl om det trengs. Når deiga er blitt glatt og smidig formar du den til ein ball og legg til heving på ein lun stad i ca. 1-1 ½ time.

Medan deiga hevar kan du lage klar vaniljekremen etter framgangsmåten her og avkjøl litt før bruk. Du kan fint erstatte med ferdigkjøpt vaniljekrem dersom du ønskar det.

7ibxgfftasw57rcsfefxg_thumb_64de

9nvihh8kqxc8usyca42thg_thumb_64e1

Forvarm steikeovnen til 175 ºC. Kjevle den ferdigheva deiga ut til eit rektangel på ca. 50 cm x 40 cm. Smør utover eit godt lag med vaniljekrem over heile rektangelet (eg brukte mesteparten av vaniljekremen). Rull saman deiga frå langsida til du får ei avlang pølse og skjær eit snitt igjennom midten av heile pølsa slik du deler den i to halvsider, men lat det stå att eit par cm i eine enden slik den framleis heng saman. Snurr dei to delane rundt kvarandre slik du får ei slags snurreflette. Plasser pølsa på eit bakepapirkledd steikebrett i ein rund sirkel og fest endane godt saman slik du får ei rund kringle. Dekk til og la etterheve i ca. 45 minutt.

Pensle kringla med egg og strø på finhakka nøtter og sukker. Sett midt i ovnen og lat steike i ca. 30 minutt. Avkjøl på rist og nyt kringla lunken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *