Safransnurrar med pistasjsmør

[dropcap]D[/dropcap]esse bollane er ei krysning mellom lussekattar og pistasjsnurrar og har ein spennande og god smak. Deiga smakar godt av den særprega safranen og pistasjfyllet gir ein søt nøttesmak og ein god smørsmak til det søte.

Gjærbakst smakar ekstra godt no på kalde og mørke kveldar og ikkje minst til advents-og julekosen. Desse bollane gir garantert julestemning på grunn av safranen som minner om lussekattane. Har du lyst å prøve ein ny vri til St. Lucia-dagen i år så er desse bollane garantert verdt å prøve!

DSC_0583

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 20 stk safransnurrar:

  • 5 dl heilmjølk
  • 0,5 g safran
  • 50 g ferskgjær
  • 175 g sukker
  • 1, 1 kg hvetemel
  • 10 g salt
  • 1 egg
  • 150 g smør, romtemperert og i terningar

Pistasjsmør:

  • 100 g pistasjnøtter, usalta
  • 120 g melis
  • ½ ts mandelessens
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 eggekvite
  • 125 g smør, romtemperert
  • 1 egg, til pensling
  • perlesukker
  • pistasjnøtter, finhakka

[/recipe-foody]

For å lage deiga varmar du fyrst opp mjølka i ein kjele og har i safranen. La det stå å trekke litt i ca. 10 minutter. Ha mjølka over i ein bolle og rør ut gjæren. Tilsett deretter sukker, mesteparten av hvetemelet, salt og egg og la deiga elte i maskin i 10 minutters tid. Tilsett smøret i deiga og elt vidare i 10 minutter til, til smøret er heilt elta inn i deiga og du har ein glatt og smidig deig. Tilsett eventuelt meir hvetemel etter behov. Dekk bakebollen med plastfolie og la heve til dobbel størrelse, ca. 1 – 1 ½ time.

Medan deiga hevar kan du lage pistasjsmørfyllet. Ha pistasjnøttene i ein stavmiksar med knivblad og kjør til nøttene har blitt til fint mel. Ha deretter i melis og kjør blandinga nokre sekund til. Tilsett mandelessens, vaniljesukker og eggekvite og kjør blandinga til den er jamn. Ha smøret i ein bakebolle og rør det mjukt og luftig. Ha pistasjblandinga over i smøret og bland det saman til det er luftig og mjukt.

Når deiga er ferdigheva strør du hvetemel på kjøkkenbenken og kjevlar ut deiga til eit rektangel på ca. 40 x 50 cm. Smør mesteparten av pistasjsmøret utover deiga i eit jamnt lag. Brett deretter ein tredjedel av deiga inn mot midten og så den siste delen av deiga oppå der igjen, slik at du har tre lag med deig. Kjevle rektangelet ut til ei leiv på ca. 30 x 60 cm. Skjær deiga i ca. 20 stk lange strimlar og snurr dei saman på samme måte som når du lagar kanelsnurrar på Schakenda-vis. Sett safransnurrane på bakepapirkledd steikebrett og la dei etterheve i ca. 45-60 minutter, til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Pensle snurrane med egg og strø deretter perlesukker og finhakka pistasjnøtter på toppen. Sett midt inn i steikeovnen og steik safransnurrane i ca. 12 minutter, til dei er gyldne. Avkjøl på rist og nyt dei nystekte!

DSC_0591

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*