Saftig 17. mai-kake med bringebær & ostekrem

yFqysEe2SQOiNONb5Yw5tw_thumb_74d4

Ei knallraud kake med ferske bær og frisk ostekrem er passande kake til 17.mai-feiringa. Dette er ei «red velvet»-kake som har fått litt ekstra frisk smak av bringebær og pynta i raudt, kvitt og blått.

Mai er månaden for fest og høgtid og dermed også festkaker i alle variasjonar. Denne kaka passar til festlege lag og pyntar du den med raudt, kvitt og blått som her, så er den perfekt til nasjonaldagen. Kakebotnen kan lagast på førehand og frysast ned dersom du vil ha det meste klart i god tid for å sleppe stress dei siste dagane før feiringa. Eg steikte kaka i ei stor springform på 26 cm, men du kan også fordele røra i to springformer på 24 cm og steike i ca. 20 minutt i staden.

C8QGpoJBTUSHcMjoidMZQQ_thumb_74eb

zqq+xsl2TySembLgwAeeAQ_thumb_74ce

Ingrediensar til ei stor kake:

  • 400 g kveitemjøl
  • 350 g sukker
  • 3 ss bakekakao
  • 1 ts natron
  • ¼ ts salt
  • 110 g smør
  • 3 egg
  • 2 ½ dl fløyte
  • 2 ss lettrømme
  • 1 ½ dl rapsolje
  • 1 ss vaniljeekstrakt
  • raud gelèfarge (eg brukar Cacas)

Ostekrem:

  • 150 g smør, romtemperert
  • 400 g kremost naturell
  • 400 g melis
  • 1 ts vanijesukker
  • bærlake/bærsirup (til dynking)
  • bringebærsyltetøy
  • ferske bær (til pynt)

Forvarm steikeomnen til 175 ºC. Smør ei rund springform på 26 cm og kle med bakepapir i botnen.

Bland saman mjøl, sukker, kakao, natron og salt i ein bakebolle. Ha i smøret ein terning om gongen medan du piskar i kjøkenmaskin. Hald på til smøret har mjukna og du har fått ei smulete blanding. Bland saman egg, fløte, rømme, rapsolje og vaniljeekstrakt og ha det i saman med resten medan maskina går. Bland godt til du har fått ei glatt og jamn røre. Tilset raud farge til du får ein skarp og djup raudfarge. Her vil det variere i mengde etter kva type du brukar, så prøv deg fram (f. eks. vanleg konditorfarge vi nok kreve ganske stor mengde). Fordel røra i forma og glatt ut overflata. Steik midt i omnen i ca. 50-60 minutt, her vil steiketida variere etter omnen du brukar. Kaka er ferdig når ein pinne kjem ut fri for røre. Avkjøl i forma og set gjerne i kjøleskap over natta.

Lag ostekrem ved å røre smøret mjukt og luftig. Ha i kremost og bland godt. Tilset melis litt i gongen medan maskina går og pisk til du har fått ein luftig krem. Tilset vanilje og bland godt. Del kakebotnen i to og set den nederste delen på kakefat. Skjær gjerne vekk tørre kantar og skjær til kaka slik den blir flat på toppen. Restane kan du smule opp og bruke til pynt. Dynk botnen med litt bærlake/bærsirup eller eventuelt mjølk. Fordel eit lag med ostekrem på botnen. Legg deretter på eit lag med bringebærsyltetøy og topp med den andre kakedelen. Dynk også den godt. Fordel resten av ostekremen rundt og på toppen av kaka. Pynt med ønska bær og/eller blomster i raudt, kvitt og blått. Ti slutt kan du pynte med små 17.mai-flagg for å få krona på verket.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *