Saftig krydderkake med karamell-osteglasur & sjokolade-smørkrem

[dropcap]E[/dropcap]i saftig kake med god smak av krydder og eit lag med søt og frisk glasur slår alltid an på eit kakebord. Denne med gulrot i røra blir ekstra saftig og får ekstra god smak med to ulike typar glasur. Noko for både sjokolade-og krydderglade personar blir sjeldan feil.

Kaka er steikt i to 20 cm former og blir ei ganske høg kake som passar både til fest-kakebord og til kaffi-besøket. Sjølv er eg utrulig glad i krydderkaker og synest det er nydeleg med enten ostekrem eller sjokoladeglasur. Derfor blei det naturleg å slå saman dei to favorittane. Og enda betre blir det når du får saftig konsistens frå gulrot i tillegg.

LCs3Z+HEQvmG9JAIBby4ZQ_thumb_7580

1aqZg9JASRiXEqSEETqdNA_thumb_758d

[recipe-foody]Ingrediensar til ei kake på 20 cm:

  • 300 g sukker
  • 220 g smør
  • 4 egg
  • 270 g kveitemjøl
  • 25 g maizena
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts ekte vaniljesukker
  • 1 ½ dl mjølk
  • 4 dl finriven gulrot
  • 2 rikelige ts kanel (evt. meir)
  • ½ salt
  • ¼ ts malt nellik

Kremost-glasur:

  • 175 g Philadelphia naturellost
  • 100 g smør, romtemperert
  • 4 ss karamellsaus (oppskrift her, eller kjøpt)
  • 2 ss melis
  • 1 klype havsalt

Sjokolade-smørkrem:

  • 100 g mørk kokesjokolade
  • 110 g smør
  • 50 melis
  • mjølk, til dynk
  • evt. karamellsaus til pynt
  • spiselige blomster/kakepynt

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 160 ºC varmluft og kle to 20 cm springformer med bakepapir i botnen.

Kjør smør og sukker lyst, mjukt og luftig i kjøkenmaskin. Tilset egga eitt om gongen og pisk godt mellom kvart av dei. Bland saman alle dei tørre ingrediensane og tilset i røra vekselvis med mjølk. Bland godt saman. Ha i finriven gulrot, nellik og salt og smak til slutt til med kanel. Hugs på at du gjerne må tilsetje ekstra kanel sidan smaken blir mildare etter steiking dersom du ønskjer litt ekstra krutt. Fordel røra jamt i dei to kledde formene og glatt ut på overflata. Set på rist midt i omnen og steik i ca. 25-30 minutt. Botnane er steikte når ein kakepinne kjem ut fri for røre. Avkjøl før du set i kjøleskapet til neste dag.

No kan du lage glasur og smørkrem. For å lage osteglasuren piskar du smøret mjukt og porøst. Ha i kremost og pisk til ein luftig krem. Ha i karamell, melis og eit dryss havsalt og pisk nokre få minutt ekstra. Set gjerne den ferdige glasuren i kjøleskapet ei stund for å få ein fast konsistens som er enkel å smøre ut.  For å lage sjokolade-smørkrem smeltar du sjokoladen over vannbad på lav varme. Avkjøl sjokoladen til den såvidt er lunken. Pisk smør og melis lyst og luftig i maskin. Tilset avkjølt sjokolade og pisk godt til du får ein lysebrun og luftig krem.

No er det tid for å setje saman kaka. Pensle botnane med litt mjølk for å sørge for at kaka blir ekstra saftig. Set den eine botnen på eit kakefat og skjær overflata jamn og flat etter behov. Fordel eit tjukt lag av osteglasur jamt utover toppen. Har du lyst kan du også ringle over litt ekstra karamellsaus. Set deretter den andre kakebotnen oppå og skjær også den til etter behov. Smør eit tynt lag med osteglasur oppå toppen og fordel resten i eit lag rundt på sidene til alt er brukt opp. Ha sjokolade-smørkremen i ein sprøytepose med ønska tupp og sprøyt ut små toppar på overflata av kaka eller i det mønsteret du sjølv ønsker. Pynt med ønska dekor. Lat gjerne kaka stå i kjøleskapet nokre timar slik den får setje seg og bli saftig, men den kan fint serverast med ein gong.

 

2 Kommentarar

  1. Bør kaken monteres og serveres samme dag, eller går det fint å gjøre det dagen/kvelden i forveien og ha kaken i kjøleskapet så lenge?

    • Hei!
      Eg brukar oftast å montere kaka og la den stå ferdig i kjøleskapet til neste dag (når den skal serverast). Då har smakane satt seg og kaka blir ofte saftigare når den får stå ferdig litt 🙂

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*