Salat med mårpølse

DSC_0881

Nok ein kjapp og smakfull middagsrett til førjulstida. Denne salaten med grov mårpølse, rosenkål, granateple og rosmarin gir ein liten smak av jul og er rask å slenge ihop ein travel desemberdag.

Eg sjølv har brukt heimelaga dampemårpølse av ei blanding forskjellige kjøttypar, men har kan du fint bytte ut med julepølse eller andre grove pølsetypar. Mårpølsa er den vi lagar til jul kvart år og et saman med ribba og pinnekjøtet her i heimen. Denne salaten er også ein super måte å bruke opp restar etter julemiddagen på og servere på ein litt annleis måte.

DSC_0873

Ingrediensar til salat med mårpølse for ca. 4 personar:

  • 400 g mårpølse (evt. julepølse/grov pølse)
  • 200 g fersk rosenkål
  • 2 rødløk
  • 150-200 g fersk spinat
  • 1 stort raudt eple, i tynne båtar
  • 1 granateple, frøa
  • 2 ts tørka rosmarin
  • 2 ts tørka salvie
  • smør til steiking
  • salt & peppar

Vinaigrette:

  • ¼ dl eplecideredikk
  • 2 ts akasiehonning
  • 2 ts dijonsennep
  • ¾ dl olivenolje

For å lage vinaigrette til salaten blandar du saman eplecideredikk, akasiehonning og dijonsennep i ei skål og rører godt rundt. Hell i olivenoljen i ein tynn stråle og rør godt samtidig.

Skjær mårpølsa i ca. 2 cm tjukke skiver og steik dei gyldne i litt smør i steikepanna. Legg til sides. Skjær rosenkål i to og rødløk i store terningar og steik det i fettet etter pølsa i steikepanna. Tilsett gjerne litt ekstra smør om det trengs. Ha i rosmarin og salvie og steik til rosenkålen har fått brune flekkar og rødløken er blitt mjuk. Krydre med salt og peppar. Tilsett mårpølsa i panna igjen og la den bli varm.

Bland saman spinatblad og eplebåtar og topp med mårpølseblandinga og til slutt granateplefrø. Server med vinaigrette eller evt. ein klatt sennep.

DSC_0892

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *