Salat med pære, camembert, spekeskinke & bringebærvinaigrette

[dropcap]G[/dropcap]jennom sommartida har det vore mang ein salat på menyen og ein av dei er denne med spanande kombinasjon av søtt, syrleg og salt. Salaten inneheld både frukt, bær, ost og spekemat som er servert saman med ein syrleg vinaigrettedressing med bringebær.

Denne salaten er ikkje for den kresne og er nok typisk “vaksen-mat” for dei som ikkje er redde for å prøve noko nytt. Sjølv elskar eg desse smakskombinasjonane og er glad i salatar med litt nye impulsar og kombinasjonar. Bringebærvinaigretten er laga med dei nydeligste bær frå Valldal og smakar friskt og syrleg. Så er du lysten på ein frisk og spanande salat til lunsj eller middag vil eg anbefale at du tek ein kik på denne!

pero2R2OJPDKUcfSHkw_thumb_6fed

[recipe-foody]Ingrediensar til salat for 2 personar:

  • ca. 150 g crispy-salat
  • 1 pære, i skiver
  • ½ rødløk, i tynne ringar
  • ca. 100 g spekeskinke
  • 100 g camembert (evt. annan kvitmuggost)
  • 1 neve ferske bringebær
  • valnøtter (gjerne rista, for ekstra smak)

Bringebærvinaigrette:

  • 200 g ferske bringebær
  • 1 ss akasiehonning
  • 2 ½ ss kvitvinseddik
  • 1 ts dijonsennep
  • 1 dl olivenolje
  • ½ ts salt
  • fersk basilikum
  • nykverna svart pepar

[/recipe-foody]

Start med å lage bringebærvinaigrette. Ha bringebær, honning, kvitvinseddik og sennep i ein stavmiksar og kjør til purè. Hell i olivenolje i ein tynn stråle medan du piskar godt saman. Eventuelt kan du også bruke stavmiksaren til dette. No skal dressingen ha tjukna litt i konsistens. Smak til med salt, basilikum og pepar. Vinaigretten held seg fint på tett glas eller flaske i kjøleskap eit par dagar.

Bland saman salat, pære og rødløk. Topp med skiver av camembert, spekeskinke, bringebær og strø litt valnøtter på toppen. Valnøttene smakar ekstra godt dersom du ristar dei på varm steikepanne i nokre få sekund til dei blir gyldne. Server salaten saman med vinaigrette og nyt!

ONZqROmWTTOB37YrYwGIEg_thumb_6ffa

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*