Salt karamellostekake

[dropcap]K[/dropcap]aramell, kremost, vanilje og sprø kjeksbotn med hint av sjokolade. Gode smakar som er garantert suksess samla i ei fløyelsmjuk stekt ostekake.

Stekt ostekake er ein storfavoritt i heimen og saman med rennande karamellsaus med eit hint av havsalt utgjorde det ei nydeleg konfektkake til helgekosen. Karamell veit eg ikkje om nokon som ikkje likar og ostekake likar dei fleste, så dette kunne rett og slett ikkje bli feil. Det vart det heller ikkje. Utan oppskrift og nokon direkte plan med kaka blanda og miksa eg saman kjeksbotn og eit ostefyll og håpte på det beste. Kjeksbotnen kan fort sprekke opp litt når du skal flytte over den avkjølte kaka på eit fat før servering, men ellers vil eg seie meg ganske så fornøgd med resultatet av kakeeksperimentet. Glad i ostekake? Glad i karamell? Om svaret er “JA” så ser eg ingen grunn til å la vere å bake denne kaka!

DSC_0489

[recipe-foody]Ingrediensar til karamellostekake for ca. 10 personar:

Kjeksbotn:

  • 400 g digestivekjeks
  • 3 ss bakekakao
  • 3 ss brun farin
  • 140 g smør, smelta

Ostefyll:

  • 400 g kremost, naturell
  • 2 dl sukker
  • 3 ss karamellsaus (oppskrift her)
  • 1 ts vaniljepulver
  • 2 dl seterrømme
  • 1 ts sitronsaft
  • 3 egg

Topping:

  • 2 dl lettrømme
  • 1 dl kremfløte
  • 1 ts vaniljepulver
  • 2 ss melis

Til servering:

  • ca. ½ porsjon karamellsaus (oppskrift her)

[/recipe-foody]

Forvarm ovnen til 175 ºC.

Ha digestivekjeks, kakao og brun farin i ein foodprocessor og kjør til kjeksa har blitt til fine smular. Ha i smøret og kjør blandinga igjen til alt er godt blanda. Trykk ut kjeksblandinga i ei springform på 22 cm med bakepapir i botnen. Bruk gjerne ei potetmosar til å trykke flat kjeksbotnen slik den blir fast, og trykk deretter kjeksblanding oppover kantane på springforma slik det står igjen ca. 1 cm opp til kanten på forma. Trykk godt saman kjeksblandinga slik at den ikkje sprekker opp. Sett inn i den forvarma ovnen og la botnen steike i ca. 10-15 min. Avkjøl litt på rist.

Skru ned ovnstemperaturen til 150 ºC. Ha kremost, sukker, karamellsaus og vaniljepulver i ein bolle og pisk det mjukt. Ha så i seterrømme og smak til med sitronsaft. Deretter piskar du inn egga eitt og eitt i gongen. Hell så osteblandinga forsiktig over kjeksbotnen og sett inn i ovnen og la steike i ca. 55 minutter. Ostefyllet skal ha stivna på toppen og vere fast men fortsatt dissande i midten.

Gjer klar toppingen medan ostefyllet steiker. Bland saman rømme, fløte, vanilje og melis i ei skål og la det romtemperere seg. Når ostefyllet er stekt tar du ut kaka frå ovnen og lar den stå i ca. 1 minutt før du forsiktig prøver med ei skei av toppingen og har oppå ostefyllet. Om ostefyllet ikkje sprekker opp og tåler vekta av toppingen kan du fortsette og ha all topping utover kakebotnen i eit tynt og jamnt lag. Sett kaka inn i ovnen igjen og la steike i ca. 10 minutter til. Avkjøl heilt på rist før du setter kaka i kjøleskap til avkjøling i minimum 4 timar eller natta over.

Før servering lagar du karamellsausen og avkjøler den litt slik den ikkje er glovarm før du heller eit lag oppå kaka. Har du allereide laga karamellsausen frå før kan du varme den forsiktig opp i ei skål i mikrobølgeovn i nokre sekund av gongen og deretter ha på kaka.

DSC_0482

Strø gjerne litt maldonsalt over karamellen og nyt ei søt og herleg karamellostekake saman med ein kopp kaffe!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*