Salt karamellsaus

DSC_0436

Herleg søt og salt karamellsaus som smeltar i munnen. Denne lettvinte karamellsausen lagar du på 1-2-3 og smakar nydeleg til diverse dessertar og bakst.

Enklare enn dette kan det knapt nok gjerast å lage tjuktflytande karamellsaus frå botnen av. Det heile tek 10-15 minutter og vips så har du din eigen karamellsaus klar til bruk. Karamellsausen har eg brukt i diverse dessertar og som base i fyll til makronar og lignande. Sausen smakar også supert over iskrem eller som fyll i konfekt. Den stivnar til litt under oppbevaring og blir litt seig og tjukk, men har du bruk for rennande karamell er det berre å varme den forsiktig opp før bruk.

Ingrediensar til ca. 2 dl salt karamellsaus:

  • 2 ½ dl sukker
  • 0,6 dl vatn
  • 1 ts lys sirup
  • 1 ¼ dl fløte
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • ½-1 ts havsalt

Ha sukker, vatn og sirup i ein medium stor kjele med høge kantar. La det koke opp under omrøring på høg varme slik at sukkeret løyser seg opp. La blandinga koke utan at du rører i det i ca. 5-10 minutter eller så lang tid det tek før sukkersirupen har fått ein lys gyldenbrun karamellfarge. Pass på då det går fort frå fin karamellbrun til brent karamell på dette punktet. Skru så ned til lav varme og hell i fløten i ein tynn stråle medan du rører godt rundt. Pass på så det ikkje boblar opp på deg. Ha i vaniljeekstrakt og salt og la det fortsette å koke i 1 minutt. Ta så av varmen og hell over i glaskrukke eller liknande. Avkjøl litt og så har du varm karamellsaus klar til bruk.

Karamellsausen oppbevarer eg i romtemperatur i tett krukke i ca. 1 vekes tid eller i kjøleskap i ca. 3 veker. Karamellsausen vil stivne til litt når den står, men kan varmast opp igjen over vannbad eller ved å halde den tette krukka under varmt rennande vatn i springen i nokre minutter.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *