Sandwich med blåmuggost, pære & spekeskinke

dsc00942

Ein smakfull sandwich med masse godt pålegg er skikkeleg snadder til helgelunsjen eller når du berre har lyst på litt ekstra god kveldskos. Smaken av blåmuggost saman med søte pærer og salt spekeskinke utgjer eit nydeleg sandwichfyll og bør absolutt prøvast ut!

Dette er knapt ei oppskrift, men snarare eit tips til enten frukost, lunsj eller kveldsmåltid. Dersom du er glad i modne ostar og voksne smakar kan eg garantere at dette vil felle i smak. Ekstra fint er det at du kan få bruke opp triste  brødrestar som ligg att på kjøkkenbenken til dette måltidet.

dsc00919

Ingrediensar til sandwich for èin person:

  • 2 skiver godt brød (enten ferskt eller tørt)
  • 1 pære (gjerne norsk), i tjukke skiver
  • nokre skiver blåmuggost, av eiget ønske
  • 2-3 skiver spekeskinke (her har eg brukt godt modna skinke frå Tind)
  • fersk babyspinat
  • olivenolje, til steiking
  • evt. ferske urtar

Varm opp ei steikepanne og tilsett litt olivenolje. Legg brødskivene i panna og steik dei i nokre minutter på kvar side, til skivene er blitt sprø og gyldne. Legg eine brødskiva på eit fat og ha på babyspinat, spekeskinke, pære og blåmuggost og topp med den andre brødskiva til slutt. Ha gjerne på ferske urtar i tillegg. Nyt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *