[dropcap]D[/dropcap]en kjipe brødskiva med svett gulost er vi for lengst lei av og vil ha nye og meir spennande alternativ til. Denne sandwichen, brødblingsen, smørbrødet eller kva enn du vil kalle det er eit friskt innslag i frukost- og lunsjmenyen. Frisk ertehummus, spekeskinke og litt olivenolje gjer brødmaten innbydande, sunn og spennande.
Sjølv elskar eg både grøne erter og hummus, og synest det gir ein herleg og frisk smak som er nydeleg saman med brød og salt spekeskinke. Hummusen lagar du enkelt på få minutter og den kan brukast både som dip, pålegg eller tilbehør til middagar. Tidlegare har eg laga ein liknande ertehummus til ein middagsrett som du finn i dette innlegget. Den typen eg har laga til brødskivene er ein litt mildare variant med andre smakar. Brødet til denne retten kan du variere med det du skulle ha tilgjengeleg. Her fungerar det både med grovt og lyst brød og du kan også bruke grilla eller rista brød om du vil det. Dersom du benyttar små grilla baguetteskiver kan du også servere det som bruschetta til tapasmenyen.
[recipe-foody]Ingrediensar til frukost/lunsjskive for ca. 4 personar:
Ertehummus:
- 350 g frosne grøne erter
- 1 stort fedd kvitløk
- 1-2 ss tahini (sesampasta)
- ein neve fersk basilikum
- ca. ½ sitron, safta
- ½ ts spisskummen, malt
- olivenolje
- havsalt & svart pepar
Til servering:
- 4 brødskiver (evt. små baguetteskiver etc.)
- spekeskinke
- rista pinjekjerner
- fersk basilikum
- olivenolje
[/recipe-foody]
Kok opp vatn og hell over dei frosne ertene i ei skål eller liknande slik at dei blir gjennomtinte. La vatnet renne godt av. Ha tinte erter, kvitløk, tahini, basilikum, sitronsaft og spisskummen i ein stavmiksar og kjør til purè. Tilsett olivenolje til du får ein litt meir glatt og lausare konsistens. Synest du hummusen er vèl tjukk kan du evt. tilsette litt varmt vatn for å løyse opp litt. Smak til med havsalt og peppar.
Server ertehummusen på enten ferskt eller rista/grilla brød og topp med spekeskinke, pinjekjerner, basilikumblad og nokre dråpar olivenolje. Utruleg enkelt og utruleg godt!