Sandwich med kantarellstuing

[dropcap]N[/dropcap]år hausten og soppsesongen er her er det ingenting som er bedre enn ein skikkeleg sandwich med god kantarellstuing til lunsj eller kvelds. Den herleg krema blandinga med god smak frå kantarell saman med sprøsteikt brød er uslåeleg!

Kantarellstuing er nydeleg smakfullt og går superkjapt å mekke saman når du har lyst på eit godt lunsj- eller kveldsmåltid. Oppskrifta er lett og består av få og gode ingrediensar, så dette kan ikkje bli enklare.

dsc01315

dsc01301

[recipe-foody]Ingrediensar til sandwich med kantarellstuing for 2 svoltne personar:

  • 2 skiver godt brød (gjerne dette brødet)
  • ca. 200 g kantarell
  • 1 liten rødløk
  • nokre stilkar fersk timian
  • 1-2 ss fersk persille, finhakka
  • 2 ts balsamicoeddik
  • 4 ss crème fraîche
  • havsalt & peppar
  • olivenolje & smør, til steiking

[/recipe-foody]

Varm opp ei steikepanne og tilsett litt olivenolje. Steik brødskivene nokre minutt på kvar side til dei får ei sprø og gylden skorpe. Legg til sides. Ha kantarellen i steikepanna og tilsett nokre dråpar olivenolje. La kantarellen steike på middels varme til det meste av væska har fordampa. Tilsett ein klatt smør og steik vidare til soppen er gylden. Finhakk rødløken i små bitar og ha den i panna saman med soppen og la det surre nokre minutt. Deretter har du i timian, persille og balsamico. Gi det eit lite minutt på panna før du har i crème fraîche og rører godt saman. Trekk panna frå varmen og smak til med salt og peppar. Fordel litt rucculasalat på dei steikte brødskivene og topp med kantarellstuingen.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*