Sandwich med persimon, brie & bacon

i9yxkqqst2adwoqbz4za_thumb_6475

Når ein ikkje verken har tid eller lyst til å lage eit stort måltid og må ha noko lite og enkelt å ete er ein varm sandwich perfekt. Denne består av pannestekte skiver med søt persimonfrukt, sprøstekte baconskiver og smelta brie. Enkelt og smakfullt lite måltid som tek kort tid å lage!

Sandwichen kan du lage både i steikepanne, grillpanne eller også i toastjern, så bruk det du har tilgjengeleg. Persimon er ei guloransje søt frukt som smakar mildt av aprikos og vanilje og passar godt saman med salt spekemat. Då eg såg dei var i butikkane igjen måtte eg berre kjøpe med meg eit par av dei heim. Den milde søte smaken passa godt saman med salt bacon og god brie, så dette bør du prøve om du er glad i frukt og ostar saman.

qwssbcpvqfgytrvlk0lqq_thumb_6483

Ingrediensar til sandwich for èin person:

  • 2 skiver godt brød (gjerne surdeigsbrød)
  • 2-3 skiver persimonfrukt
  • 3 små skiver turbacon
  • brie
  • fersk rosmarin, finhakka
  • nokre dråpar balsamicoeddik
  • eit dryss svart peppar
  • olivenolje, til steiking

Steik baconskivene gyldne og sprø og legg til sides. Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne og legg brødskivene nedi og la dei steike på middels varme til dei får ei gylden steikeskorpe. Snu den eine brødskiva slik du får den ustekte sida ut og legg på eit par skiver med persimonfrukt, baconet og til slutt brie. Dryss over litt fersk rosmarin, balsamico og litt svart peppar. Legg på den andre sida på toppen (også denne med den ustekte sida ut). La steike i nokre minutter før du snur sandwichen og steiker på andre sida til brødet er gyldent og sprøtt og osten har smelta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *