Sashimi med mango & soya-og sitrussaus

[dropcap]S[/dropcap]ashimi er ein super rett til helga dersom du vil ha noko friskt som går raskt å lage. Sashimi er ein sunn koserett som består av tynne skiver av rå laks og gjerne ein god soyadressing ved sidan av. Min sashimi er servert saman med tynne skiver av mango og ein soyasaus med masse smak av sitrus.

Sashimi er supert å servere som ein liten snack til gjestar dersom du ikkje har god tid til å stå på kjøkenet og kokkelere. Det går svært raskt å lage og er ein fargerik rett å sette på bordet. Retten kan serverast som den er eller også som ein del av eit sushimåltid. Mangoen kan du også bytte ut med sitrusfrukt eller prøv også gjerne med granateplekjerner.

fCLtnxQtRg2zUikWfQa9fQ_thumb_67c9

[recipe-foody]Ingrediensar til sashimi for ca. 4 personar:

  • 300-400 g salma lakseloin
  • 1 stor mango

Soya-og sitrussaus:

  • 2 dl soyasaus
  • 2 lime, safta
  • 2 ts fersk ingefær, finriven
  • ½ raud chili, finhakka
  • 1 blodappelsin, safta
  • 2 ts sesamfrø (gjerne rista)
  • fersk koriander

[/recipe-foody]

Bland saman soyasaus, limesaft, ingefær, chili, blodappelsinsaft, sesamfrø og koriander. Sesamfrøa kan du gjerne riste litt i ei tørr steikepanne på middels varme til dei får litt farge. Då får du fram ekstra smak. Juster eventuelt på mengdene undervegs slik sausen blir slik du vil ha den med tanke på syrlegheit.

Kutt tynne skiver på ca. 3-5 mm tjukkelse av laksen og legg på eit fat. Skjær mangoen i tynne skiver og dander fint på fatet. Strø gjerne litt fersk koriander over og server saman med sausen.

 

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*