Seige emmerkjeks med sjokolade

1zvcskiwqle4g82vfnixg_thumb_6397

Emmer er eit urgammalt kornslag og er også ein av forfedrene til spelt. Emmer er rikt på fiber og gir ein relativt mørk farge og meir intens smak enn vanleg kveite. Desse kjeksa får ein litt grov utsjånad utan at det «smakar sunt»og er etter mi meining heilt nydelege. Kjeksa er sprø på utsida og har ein mjuk og litt seig konsistens inni. Saman med mørk sjokolade gir dette smakfulle kjeks som ikkje er så alt for søte.

Seige amerikanske cookies har eg hatt som favorittkjeks i mange år, men no trur eg jammen den vanlege oppskrifta eg brukar har fått ein stor konkurrent. Dei originale kjeksa som er laga på fint kveitemjøl kan ofte bli ganske søte og kvalmande i store mengder, men desse gir ein passe søt smak. I tillegg gir emmermjølet ein fin konsistens som gjer at du ikkje får den sterke følelsen av å tygge på kornete sukker. Emmer har også vist seg å fungere godt for personar med dårleg fordøyelse og milde glutenintoleransar. Emmermjøl får du kjøpt på dei fleste helsekostforretningar og også enkelte daglegvarebutikkar. Så dersom du kjem over dette mjølet vil eg anbefale at du prøver deg på baking med dette flotte urkornet.

ple36efhrs67ax8aac5gg_thumb_635c

xcuekqhtd2e2vmlqeoqg_thumb_638b

Ingrediensar til ca. 15 stk store kjeks:

  • 175 g meierismør, kaldt & i terningar
  • 200 g sukker
  • 150 g brun farin
  • 1 stort egg
  • 350 g finmalt emmermjøl
  • 1 ts bakepulver
  • ½ ts salt
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 100 g mørk kokesjokolade (gjerne 70% kakaoinnhald)
  • maldonsalt/havsalt

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Rør smør og sukker lyst og luftig. Ha i egget og bland godt saman. Tilsett det tørre litt og litt om gongen og rør godt saman. Til slutt grovhakkar du sjokoladen og blandar den inn i kjeksdeiga. Bruk ei iskremskei eller liknande og form ca. 15 stk. like store runde kuler av ca. 2 ss med kjeksdeig pr stk. Trykk dei lett flate og plasser på bakepapirkledd steikebrett med god avstand mellom kvart av dei (bruk gjerne to brett slik du har god plass) slik dei kan steike utover. Dryss litt havsalt på toppen og sett midt i forvarma ovn og la steike i ca. 12 minutt. Kjeksa ser gjerne litt uferdige ut når du tek dei ut, men dei stivnar fort til under avkjøling. Avkjøl kjeksa på brettet før du flyttar på dei.

0ehcb75asdw2fl0isab5zg_thumb_637f

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *