Seige mandelkjeks med sitrussmak

[dropcap]S[/dropcap]eige, søte og friske kjeks med mandlar og smak av sitron og appelsin.

Desse kjeksa er både søte, friske og bitre på ein gong. Dei er perfekte som avrunding på eit måltid saman med kaffikoppen, saman med vaniljeiskrem eller andre dessertar med krem eller lignande. Oppbevar kjeksa i lufttett boks eller på glas.

DSC_0154

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 40 stk kjeks:

  • 300 g mandlar, skolda
  • 225 g melis
  • ½ ts vaniljepulver
  • 1 ts finrevet sitronskal
  • 1 ts finrevet appelsinskal
  • ca. 75-80 g eggekviter
  • 40 g mandelflak
  • melis til pynt

[/recipe-foody]

Ha mandlane i ein foodprocessor og kjør til dei er grovhakka. Ha så i melis og vaniljepulver og kjør til du får eitt fint mandelmel. Ha så i sitron-og appelsinskal og eggekviter og kjør blandinga raskt saman til du får ei klissete røre.

Forvarm ovnen til 180 ºC. Bruk teskeier og ha 1 toppa ts med røre pr. kjeks på bakepapirkledt steikebrett. Sett klattane med god avstand mellom kvarandre sidan dei flyt ganske mykje utover under steiking. Strø litt mandelflak over kvar deigklatt og sett så brettet inn i ovnen og la stå i ca. 10 minutter, til dei er gyldne i kantane. Avkjøl kjeksa litt på brettet før du har dei over på rist. Sikt over litt melis på kjeksa mens dei fortsatt er varme.

DSC_0194

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*