Seige pepperkakeruter

DSC_0665

Julestemninga tikkar inn i takt med kvar desemberdag som er gått og lukta av julebakst begynner å sette seg i huset. Med desse seige pepperkakerutene som smakar sterkt av julekrydder og har små sjokoladebitar i seg vil du garantert komme enda meir i stemning.

Er du ein av dei (som eg sjølv) som er glad i å ete pepperkakedeig vil du nok like desse seige og klissete bitane. Eg har valt å understeike kaka mi litt sidan eg er glad i nesten litt halvvegs rå brownies og liknande. Er du ikkje glad i rå kakedeig steikar du berre kaka litt lenger, for seigheita i kaka beheld du likevel på grunn av sukkeret og sirupen i røra. Det er ganske mykje krydder i kaka, så om du synest det tek litt overhand kan du tilsette litt og litt av krydderet og smake på røra undervegs slik den blir tilpassa din eigen smak. I denne oppskrifta har eg også tatt i bruk pepperkakekrydderblandinga eg har lagt ut tidlegare.

DSC_0677

Ingrediensar til ei lita langpanne med pepperkakeruter:

  • 200 g smør, romtemperert
  • 3 ½ dl demerarasukker
  • ½ dl mørk sirup
  • 2 egg
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 5 ½ dl hvetemel
  • 2 ss pepperkakekrydder (oppskrift her)
  • 1 ts bakepulver
  • ¼ ts natron
  • ¼ ts salt
  • 80 g lys kokesjokolade, finhakka eller i dråpar

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Rør smør, sukker og sirup mjukt og porøst i ei kjøkkenmaskin. Tilsett egga eitt i gongen og rør godt mellom kvart av dei. Ha deretter i vaniljeekstrakt og bland godt. Bland saman alt det tørre i ein bolle og sikt inn litt og litt i røra medan maskina går på sakte fart. Bland saman til alt er blitt ei ganske fast og klissete røre. Bland inn sjokoladen. Kle ei lita langpanne på ca. 18 cm x 28 cm med bakepapir og fordel røra jamnt utover med ein slikkepott. Sett midt inn i ovnen og la kaka steike i ca. 28-30 minutter (det gjorde eg) for ei ganske så understekt og klissete kake. Vil du ha kaka litt bedre stekt kan du la den stå 2-3 minutter lenger, og vil du ha den heilt gjennomstekt kan du la den stå enda litt lenger. Smak og behag! Avkjøl kaka i forma og skjær i ruter. Sett du den i kjøleskap før du skjærer i den stivnar kaka og du får fine ruter. Nyt saman med eit glas kald melk eller ein kopp varm te/kaffe!

DSC_0676

DSC_0670

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *