[dropcap]H[/dropcap]austen er over oss og det bugnar av flotte norske rotgrønsaker og råvarer. Denne retten byr på svinekjøt med sennep som er servert saman med smakfulle honning-og timianglaserte rotgrønsaker og ein krema spinat-og soppstuing med mascarponeost.
Hausten er favorittårstida mi og byr på mykje gode råvarer. Dei norske grønsakene smakar fantastisk no og byr på mykje gode næringsstoff. Saman med sjølvplukka kantarellsopp og smakfullt sennepskjøt blei dette ein god middag med herlege haustsmakar.
[recipe-foody]Ingrediensar til sennepsglasert svinefilet med tilbehør for ca. 4 personar:
Ytrefilet av svin med sennepsglasering:
- ca. 800 g ytrefilet av svin
- 1 ½ ss griljermel
- 4 ss pepperrotssennep
- 2 ts tørka persille
- 1 ts salt
- ½ ts peppar
- smør til steiking
Honningglaserte rotgrønsaker:
- ca 1 kg rotgrønsaker (blanding av persillerot, gulrot, pastinakk, kålrot, sellerirot etc.)
- 2 rødløk
- ¾ dl olivenolje
- 5-6 ss akasiehonning
- 4 ss frisk timian, finhakka
- maldonsalt & peppar
Krema spinat-og soppstuing:
- 200 g blanda sopp ( kantarell, champignon, aromasopp)
- 2 små sjalottløk, finhakka
- 200 g fersk spinat
- 240 g mascarponeost (evt. ricottaost el. naturell kremost)
- ½ dl fløte
- 2 ts hvitvinseddik
- sitronsaft
- salt & peppar
- rucculasalat, til servering
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 200 º C.
Ta ut kjøtet og la det ligge i romtemperatur ein times tid medan du forberedar grønsakene. Skjær rotgrønsakene og rødløken i båtar og tjukke stavar, legg i ei ildfast form og strø over frisk timian. Bland saman olivenolje og akasiehonning i ei skål og hell det utover grønsakene slik det blir jamnt fordelt. Krydre alt godt med maldonsalt og peppar. Sett inn i den forvarma steikeovnen og la stå i ca. 45 minutter.
Når det nærmar seg at grønsakene har stått i 45 minutter kan du steike svinefileten. Skru ned temperaturen på steikeovnen til 125 ºC. Sett ei steikepanne på høg varme og steik kjøtet i litt smør raskt på alle sider slik du får steikeskorpe. Bland saman griljermel, sennep, persille, salt og peppar og smør inn toppen og sidene på svinefileten med blandinga. Sett i eit steiketermometer i midten på kjøtet, legg i ei ildfast form og sett inn i ovnen og la kjøtet stå til det når ein kjernetemperatur på ca. 65 ºC. La rotgrønsakene fortsette og steike saman med kjøtet.
Når det er ca. 10 minutter igjen til kjøt og rotgrønsaker er klare lagar du spinat-og soppstuing. Steik soppen i ei tørr steikepanne på medium høg varme i eit par minutter. Tilsett nokre dråpar olivenolje og la steike til soppen har fått ein fin og gylden farge. Sett til sides. Smelt litt smør i panna og tilsett sjalottløk og fersk spinat og la det steike til spinaten har blitt mjuk. Ha soppen tilbake i panna igjen. Skru ned varmen litt og tilsett mascarponeost, fløte og hvitvinseddik og rør godt rundt. Smak til med sitronsaft, salt og peppar og la blandinga stå å surre litt på lav varme i ca. 3-5 minutter.
Skjær ytrefilet av svin i passelege stykker og server saman med honningglaserte rotgrønsaker, spinat-og soppstuing og litt rucculasalat. Smakfullt, enkelt og veldig godt!