Serranosurra torsk, asparges & hollandaisesaus

DSC_0684

Så godt, så enkelt og så sunt. Torsk surra inn i serranoskinke, med sprø asparges og ein nydeleg kremete hollandaisesaus.

Denne middagsretten lagar du på under 30 minutter. Rask kvardagsluksus betyr ikkje nødvendigvis mange ingrediensar eller usunn mat. Fisk kan gjerast til eit gourmetmåltid sjølv på ein kvardag med lite tid til kokkelering.

DSC_0712

Ingrediensar til torsk & hollandaisesaus for 4:

Torsk:

  • 4 × 125 g torskefilet, uten skinn og bein
  • 4 skiver serranoskinke
  • fersk timian
  • peppar
  • olivenolje

Hollandaisesaus:

  • 4 eggeplommer
  • 4 ts sitronsaft
  • 180 g smør, kaldt og i terningar

Tilbehør:

  • 500 g fersk asparges
  • fersk timian/basilikum

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Krydre torskefiletane med peppar og litt fersk timian og surr så spekeskinke rundt kvar av filetane. Varm opp ei steikepanne med litt olivenolje i og steik torskefiletane med serranoskinke på høg varme i 1-2 minutter på kvar side slik at skinka tek farge og blir sprø. Legg så over i ei ildfast form og sett inn i steikeovnen og la stå i ca. 12 minutter.

Samtidig som du begynner med sausen setter du på ein stor kjele med lettsalta vatn til oppkoking. Når vatnet kokar har du i aspargesen og lar den koke i 1 minutt. Ha så rett over i isvatn for å stoppe kokeprosessen slik dei held seg sprø og fine.

For å lage hollandaisesausen har du eggeplommer og sitronsaft i ein kjele over lav varme og piskar godt rundt slik det ikkje blir eggerøre. Tilsett ein og ein terning med smør til sausen tjuknar medan du stadig rører godt. Smak så til med litt salt og peppar om nødvendig. Her trengs det som regel veldig små mengder sidan smøret inneheld salt i seg sjølv.

Server asparges og torskefilet med ein raus porsjon saus over og topp med litt fersk timian eller basilikum. Perfekt enkel og smakfull fiskemiddag laga på under 30 minutter!

DSC_0682

2 comments

  1. Mmm… Veldig godt! Min mann sa han trodde det var den beste fiskemiddagen han hadde smakt 😉

    1. Hei! Det var veldig kjekt å høyre!:) Eg synest sjølv at dette er ein av dei både kjappaste og mest smakfulle fiskemiddagar som er å lage!:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *