Sitron-risotto med purre & spekeskinke

lJMtJgMtRn6LdUNqwfv%Aw_thumb_72dc

Risotto er ein svært enkel og svært allsidig rett å lage. Her kan ein variere smak og tilbehør i det uendelege etter både eigen smak og kva ein har i kjøleskapet. Denne smakar lett av sitron og har fått sprøsteikt spekeskinke som tilbehør.

Eg elskar risotto i alle moglege smakar og synest dette er god kosemat. Med fyldig og krema konsistens og ris med ein ørliten tyggemotstand er risotto ein både mettande og smakfull middagsrett. Serverer du den i små porsjonar er det også ypperleg som forrett. Denne risottoen var eigentleg eit forsøk på å rydde ut litt restar frå kjøleskapet, men eg enda allikevel opp med ein utruleg smakfull rett. Ein sitron, ein litt småslapp løk, ein bit av ein purreløk og nokre skiver spekeskinke blei utgangspunkt for risottoen. Saltet frå spekeskinke og parmesan passar perfekt saman med syrleg smak frå sitron og gir ein flott balansert rett.

lNy5dJ72R8+YTJ+sicrhLg_thumb_72d1

VBEJpB3EQFi6ONtXWsoKQQ_thumb_72d3

Ingrediensar til 4 stk:

  • 350 g arborioris
  • 1 ¼ l kyllingkraft (evt. utblanda kyllingfond)
  • 2 ss kvitvinseddik
  • 1 stort fedd kvitløk
  • 1 middels stor løk
  • 1 sitron, skal & saft
  • 50 g parmesan
  • ¼ purre
  • salt & pepar
  • smør & olivenolje, til steiking
  • ca. 75-100 g spekeskinke

Ha krafta i ein kjele og varm opp. Lat den stå på lav varme under heile prosessen slik du har ein god lunk i den. Ha ein liten klatt med smør og olivenolje i ein stor kjele. Finhakk løk og kvitløk og ha i kjelen. La det surre på middels lav varme til løken er mjuk og blank. Skru opp varmen litt og ha i risen og kvitvinseddiken. Lat det surre med eit par minutt under omrøring. Ha i ei lita ause med krafta og lat det koke inn under omrøring før du har i ei ny ause. Fortset med å spe på med krafta slik til du har brukt opp nesten all kraft, men spar litt til servering. Rør godt med jamne mellomrom slik det ikkje brenn seg fast i botnen. Etter ca. 20 minutt skal du ha brukt opp det meste av krafta og risen skal ha blitt passe krema og fyldig i konsistens, men framleis ha litt tyggemotstand. Kutt opp purreløken i små tynne strimlar og ha i risottoen. Riv skalet på ein sitron og tilset i kjelen. Skvis over all safta frå sitronen og riv parmesanen over. Rør godt rundt i risottoen. Smak til med salt og pepar etter behov.

Legg på lok på kjelen og lat risottoen kvile nokre minutt før servering. I mellomtida steiker du spekeskinke sprøtt og gyldent i ei steikepanne med litt olivenolje. Dersom risottoen har blitt litt tjukk i konsistens kan du spe i resten av krafta rett før servering. Topp risottoen med sprøsteikt spekeskinke, litt purreløk og gjerne litt ekstra parmesan og nokre dråpar olivenolje. Nyt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *