Sitronostekake med crème brûléelokk

DSC_0159

Ostekaker kan lagast i mange variantar og smakar, men ein ting som alltid funkar bra er kombinasjonen av sitron og ost. Denne kaka er laga med god kjeksbotn, eit lag med sitronostefyll og karamellisert crème brûléelokk på toppen.

Den store kakefavoritten er framleis ostekake. Søtt og friskt på samme tid og den litt salte smaken frå kjeksbotnen harmonerer fint. Denne er fin å servere i små porsjonsstykker, gjerne saman med litt friske jordbær og krem. Steiketida varierar veldig med forskjellige steikeovnar, så her må du berre følge med litt underveis. Ostefyllet skal ha stivna på toppen og fått ei hinne på overflata. Pass berre på å ikkje steike for lenge, då vil ostefyllet sprekke på toppen og du får ei litt meir tørr ostekake. Har du ikkje gassbrennar til kokkeleringa så kan du prøve å sette kaka litt under grillelementa i steikeovnen nokre få minutter medan du følger godt med.

DSC_0162

Ingrediensar til sitronostekake:

Kjeksbotn:

  • 300 g Digestivekjeks
  • 4 ss demerarasukker
  • 110 g meierismør, smelta

Ostefyll:

  • 300 g naturell kremost
  • 1 ss hvetemel
  • 2 dl sukker
  • 1 vaniljestang
  • 2 egg
  • 4 ss crème fraîche
  • ½ dl sitronsaft
  • ½ sitron, skalet (finrevet)
  • sukker, til karamellisering

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Bland saman alle ingrediensane til kjeksbotnen i ein foodprocessor til alt er fine smular. Kle botnen på ei firkanta kakeform på 22×22 cm med bakepapir i botnen og trykk ut kjeksblandinga i eit jamnt lag ved å bruke ein potetstappar. Sett inn i ovnen og steik i ca. 15 minutter. Avkjøl botnen litt medan du lagar ostefyllet.

Skru ned ovnen til 150 ºC. Ha kremost, hvetemel og sukker i ei kjøkkenmaskin og kjør blandinga til den er glatt. Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa og bland inn i ostemassen. Ha i egga ett om gongen og bland godt. Ha deretter i crème fraîche, sitronsaft og finrevet sitronskal. Bland alt godt saman med ein slikkepott. Fordel osteblandinga utover kjeksbotnen i eit jamnt lag og sett kaka tilbake i ovnen og la steike i ca. 30-35 minutter. Kaka skal ha stivna på overflata, men disse lett i midten når den er ferdig. Avkjøl heit før du setter den kaldt i kjøleskapet. Før servering drysser du eit lag med sukker på toppen av kaka og bruker ein gassbrennar til å smelte og karamellisere sukkeret. Skjær i små porsjonsstykker og server gjerne saman med litt bær.

DSC_0160

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *