[dropcap]D[/dropcap]enne kaka har eg laga i mange utgåver og med forskjellige typar bær, men no var det rett og slett ei evigheit sidan sist. Oppskrifta har blitt finpussa og endra litt på og eg kan seie meg fornøgd med resultatet. Kaka har ein saftig sjokoladebotn med sjokolade-og ostekrem med ferske bringebær i midten og eit lag med frisk og fyldig bringebærsmørkrem på utsida.
Sjølve kakerøra inneheld både kefir og kaffe som gir den ein saftig og djup smak. I midten av kaka har eg ein mjuk sjokoladekrem som inneheld mascarponeost og er toppa med masse ferske bringebær. Dersom du ikkje har mascarpone kan du erstatte med vanleg kremost, som då i tillegg gir ein enda meir frisk smak. På utsida av kaka er det ein bringebærsmørkrem som smakar friskt av syrlege og søte bringebær og fyldig smørsmak. Det viktige med slike lagkaker er at du brukar nok bærsirup eller lake for å gjere den ekstra saftig og smakfull slik du unngår tørre og kjedelege kakebotnar. Kakebotnen lønner seg å lage dagen før du skal sette saman kaka slik at det er lettare å dele opp i to lag.
[recipe-foody]Ingrediensar til sjokolade-& bringebærkake for ca. 12 personar:
Sjokoladekakebotn:
- 5 ½ dl kveitemjøl
- 5 ½ dl sukker
- 2 dl bakekakao
- 1 ss natron
- 1 ½ ts bakepulver
- ½ ts salt
- 6 ss nøytral olje (raps/solsikke)
- 2 dl sterk kaffe, lunka
- 2 ½ dl kefir
- 3 egg
Sjokolade-& kremostfyll:
- 100 g mascarpone (evt. naturell kremost)
- 75 g melis
- 50 g smør, romtemperert
- 80 g mørk kokesjokolade, finhakka
Bringebærsmørkrem:
- 230 g smør, romtemperert
- 5 dl melis
- 2 ss mjølk
- 250 g ferske bringebær (evt. frosne bær som du tiner opp igjen)
Til montering:
- kirsebærsirup/bærlake
- 250 g ferske bringebær
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 180 ºC og kle ei springform på 26 cm med bakepapir i botnen.
Bland saman alle dei tørre ingrediensane til sjokoladekakebotnen i ein bolle. I ein stor bolle har du i olje, lunka kaffe og kefir og blandar det godt saman. Rør inn egga og pisk det lett saman. Sikt i alt det tørre og visp godt saman med ein ballongvisp til du er kvitt alle klumpar. Hell røra over i springforma og steik kaka midt i steikeovnen i ca. 50 minutter. Kaka er ferdig når ein kakepinne/tannpirkar kjem ut uten klissete kakerøre. Avkjøl kaka opp ned på ei rist med bakepapir på. Når kaka er avkjølt pakkar du den godt inn og legger den i kjøleskap til den er kald, gjerne over natta.
Lag sjokolade-og kremostfyllet ved å røre saman mascarpone, melis og smør til det er lyst og luftig. Ha den finhakka sjokoladen i ei skål og smelt det i etapper i mikrobølgeovnen (pass på slik den ikkje blir for varm og brenner seg). Rør rundt i den smelta sjokoladen og ha over i mascarponeblandinga og pisk saman kremen på høg hastigheit til den er luftig.
For å lage bringebærsmørkremen rører du smøret lyst og luftig i ei kjøkkenmaskin. Tilsett melis litt og litt om gongen og pisk godt. Tilsett mjølka og pisk godt igjen. Press bringebæra gjennom ei sil ved hjelp av ein gaffel og press godt ned slik du får ut all safta og bærpurèen. Prøv å få med så mykje du kan av bringebæra uten å presse igjennom frøa. Kast bringebærfrøa og ha bringebærsafta/purèen i smørblandinga og pisk saman på lav hastigheit. No vil kremen garantert skille seg, men det skal du ikkje bekymre deg over. Sett opp hastigheita og pisk kremen kraftig til den samlar seg igjen og blir glatt og luftig.
Del sjokoladekakebotnen i to like delar og sett den nederste delen på eit kakefat. Pensle kakebotnen godt med kirsebærsirup eller bærlake slik den blir saftig og fuktig uten å bli blaut og dvassen. Smør utover sjokolade-og kremostfyllet i eit jamnt lag på kakebotnen. Legg dei ferske bringebæra utover på toppen av kremen, men spar på nokre bringebær til pynt på kaka. Legg på den andre kakebotnen og skjær eventuelt til kaka slik den blir flat og jamn på toppen. Pensle også denne kakebotnen med kirsebærsirup/bærlake. Bruk kniv og slikkepott og fordel bringebærsmørkremen rundt og oppå kaka i eit jamnt lag. Ta vare på litt av kremen og ha i ein sprøytepose og dekorer på toppen av kaka. Pynt med nokre bringebær og evt. friske blomster.
Kaka smakar aller best når den har fått satt seg litt og blitt saftig og bringebærkremen er aller best når den er romtemperert og fløyelsmjuk.
Hva pakker du kakebunnen i når du legger den i kjøleskapet?
Eg pakkar rett og slett berre inn heile forma i matpapir og plastpose..så held den seg saftig og fin ?
Tusen takk for svar. Har nå lagt den på fat med bakepapiret under i en plastpose. Skal fylle og montere i morgen og servere den mandag morgen, håper det går bra. Fikk ikke tak i kirsebærsirup, kjøpte bringebærsaft, kan det brukes? Marit
Hei!
Beklagar så mykje for seint svar, har visst oversett mail om kommentar. Håpar kaka blei bra og fell i smak!:) Bringebærsaft eller saft frå ferske bær og liknande kan fint brukast i staden for kirsebærsirup. Det gjer eg alle tider når eg ikkje har kirsebærsirup i hus.
Mvh, Mari-Lene 🙂