Sjokolade-& karamellkake

dsc01191

Så var det helg igjen og bakelysta snik seg innpå atter ein gong. Denne saftige sjokoladekaka med salt karamellfrosting er ei skikkeleg kaloribombe som passar fint til både liten og stor.

Kaka er ganske stor og sidan den er såpass mektig rekk det til ganske mange personar. Kombinasjonen sjokolade og karamell er ein storfavoritt for meg og eg går aldri lei. Sjølve kakebotnen er ei oppskrift eg har lagt ut tidlegare i dette innlegget. Kakebotnen er svært enkel å lage og kan brukast som base til mange forskjellige kaker. Karamellfrostingen kan også brukast som fyll i andre søtsaker som for eks. franske makronar. I kremlaget i midten av kaka har eg blanda inn ein del kremost i karamellfrostingen. Dette gir ein litt friskare smak på karamellen. Dersom du ønskar det på heile kaka blandar du berre inn 300 g kremost i heile karamellfyllet istaden for den opprinnelege oppskrifta.

dsc01220

dsc01169

Ingrediensar til sjokolade-& karamellkake til ca. 12-14 personar:

Sjokoladekakebotn:

  • 5 ½ dl kveitemjøl
  • 5 ½ dl sukker
  • 2 dl bakekakao
  • 1 ss natron
  • 1 ½ ts bakepulver
  • ½ ts salt
  • 6 ss nøytral olje (raps/solsikke)
  • 2 dl sterk kaffe, lunka
  • 2 ½ dl kefir
  • 3 egg

Karamellfrosting:

  • 380 g sukker
  • 3 dl kremfløte
  • 30 g smør
  • eit lite dryss havsalt
  • 150 g smør
  • + 100 g kremost naturell (evt. 300 g dersom du vil bruke den på heile kaka)
  • avkjølt sterk kaffe, til dynk av sjokoladekakebotnen

Forvarm steikeovnen til 180 ºC og kle ei springform på 26 cm med bakepapir i botnen.

Bland saman alle dei tørre ingrediensane til sjokoladekakebotnen i ein bolle. I ein stor bolle har du i olje, lunka kaffe og kefir og blandar det godt saman. Rør inn egga og pisk det lett saman. Sikt i alt det tørre og visp godt saman med ein ballongvisp til du er kvitt alle klumpar. Hell røra over i springforma og steik kaka midt i steikeovnen i ca. 50 minutter. Kaka er ferdig når ein kakepinne/tannpirkar kjem ut uten klissete kakerøre. Avkjøl kaka opp ned på ei rist med bakepapir på. Når kaka er avkjølt pakkar du den godt inn og legger den i kjøleskap til den er kald, gjerne over natta.

For å lage karamellfrostingen har du ein tredjedel av sukkeret i ein stor kjele over middels varme og lar det smelte. Tilsett neste tredjedel av sukkeret og lat også det smelte. Gjer deretter det samme med det resterande sukkeret til alt er smelta. Lat sukkeret bli karamellisert til det er mørkt gyldent på farge (pass på slik det ikkje blir brent). Ta sukkeret av varmen og ha i 30 g smør og rør godt rundt. Dryss over litt havsalt og bland. Tilsett fløten forsiktig medan du rører godt rundt og sett tilbake over varmen. Pass på fingrane for her vil det boble godt opp. No kan det skje at karamellen skil seg litt, men berre fortsett og røre over varmen så vil det smelte igjen. Lat karamellen småkoke til den når ein temperatur på ca. 108 ºC. Karamellen skal no ha blitt litt som ein tjukk karamellsaus. Hell over i ein bolle og la det avkjøle seg litt før du dekker med plastfolie og sett den kaldt i kjøleskapet. La karamellen stå til den er heilt kald.

Når karamellen er heilt avkjølt og du er klar til å sette saman kaka har du 150 g smør i ei kjøkkenmaskin og piskar det til det blir litt mjukare. Ha i karamellen og pisk nokre minutt til du får ein tjukk og luftig karamellkrem. Ta av ein tredjedel av karamellfrostingen og bland inn kremost til du får ein mjuk krem. Dersom du ønskar den på heile kaka blandar du berre inn 300 g kremost i heile karamellfyllet. Pass berre på at du ikkje piskar for lenge slik  at kremen skil seg og blir for rennande igjen.

Del sjokoladekakebotnen i to og sett den eine delen på eit kakefat og pensle med litt kald kaffe slik den blir saftig og god. Fordel karamellfrostingen med kremost utover botnen i eit jamnt lag. Legg oppå den neste kakebotnen og pensle den også med kaffe. Smør utover karamellfrostingen i eit jamnt lag på toppen og rundt sidene på kaka.

dsc01234

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *